Nikomedeia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nikomedeia er det antikke og bysantinske namnet på byen Izmit i Tyrkia. Byen vart grunnlagt kring 264 fvt og vart hovudstad i provinsen Bithynia. Etter at han vart øydelagd av gotarane i 258 evt. vart han gjenoppbygd av keisar Diokletian og vart residensbyen hans og hovudstad for den austre fjerdedelen av Romarriket. Nikomedeia vart langt mindre viktig då Konstantinopel vart ny hovudstad i 320-åra. Frå 1326 var byen ein del av Det osmanske riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°46′N 29°55′E