Nils-Aslak Valkeapää

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nils-Aslak Valkeapää (23. mars 194327. november 2001) (fødd i Enontekiö, død i Espoo) var ein samisk kunstnar, musikar og forfattar med finsk statsborgarskap. Han budde i Käsivarsi i Finland og i Skibotn i Noreg.

Nils-Aslak Valkeapää var utdanna lærar. Den fyrste diktsamlinga kom i 1970, Terveisiä Lapista. Han var òg biletkunstnar og han komponerte musikk, mellom anna musikken til filmen Ofelaš (norsk tittel Veiviseren), der Nils-Aslak Valkeapää òg hadde hovudrolla. Han stod bak det samiske kunstnarinnslaget under vinter-OL 1994Lillehammer.

Utgangspunktet for kunsten hans, var ofte joik, og det var også som joikar han starta det mangesidige kunstnarlivet sitt. I 1991 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Beaivi, Áhčážan (på norsk: Solen, min far). I samband med prisutdelinga retta han flengjande kritikk mot medlemmene av rådet for manglande samisk representasjon i Nordisk Råd, og han gav eit samisk flagg som gåve til rådet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1970 - Terveisiä Lapista (Norsk tittel: Helsing frå Sameland)

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Ruoktu váimmus (Norsk tittel: Vindens veier)
  • 1988: Beaivi, Áhčážan (Norsk tittel: Solen, min far)
  • 1994: Nu guhkkin dat mii lahka (Norsk tittel: Så fjernt det nære)
  • 1996: Jus gazzebiehtár bohkosivččii
  • 1999: Girddán, seivvodan

CDar[endre | endre wikiteksten]

  • Beaivi, Áhčážan
  • Sápmi, lottážan
  • med fleire

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]