Nils Gustaf Dalén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustaf Dalén

Nils Gustaf Dalén (30. november 18699. desember 1937) var ein svensk oppfinnar.

Dalén var fødd i Stenstorp i Västergötlands län. Foreldra hans ville at han skulle bli bonde, men han byrja tidleg som oppfinnar. Gustaf de Laval råda han til å skaffa seg ei god teknisk utdaning. Han byrja då på Chalmers og etter eksamen arbeidde han meir med oppfinningar, fremst basert på å dra nytte av acetylen. Dalén studerte i 1896 på Eidgenössische Technische Hogschule Zürich.

Daléns oppfinningar omfattar klippapparat med trykkregulator, solventil og automatisk glødenettsutbyttar. Desse konstruksjonane la grunnen til selskapet AGA (AB Gas-Akkumulator) kjent særleg for sitt AGA-fyr. Slike fyr kan arbeide utan tilsyn opp til eit år. Gustaf Daléns bidrag til tryggleiken på verdshava gav han nobelprisen i fysikk i 1912. Han fekk prisen for sine "oppfinningar av sjølvverkande regulatorar som i kombinasjon med gassakkumulatorar kan nyttast til å lyse opp fyr og lysbøyer". Dalén fann òg opp Agaomnen, som vart introdusert på marknaden 1929.

Dalén vart hardt brannskadd og mista synet i samband med ein gasseksplosjon i 1912 og det har blitt spekulert i om han vart tildeld Nobelprisen delvis på grunn av medkjensle etter denne ulukka. Dalén held trass skaden fram med å leie AGA til 1937.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]