Nils Johannesson Loftesnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Johannesson Loftesnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1789
Død

31. mai 1848 (59 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Nils Johannesson Loftesnes på Commons
Minnesmerke ved Stedje kyrkje i Sogndal

Nils Johannesson Loftesnes (178931. mai 1848) var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Sogndal.

I 1814 var Loftesnes musketer i sogndalske kompani. Kompaniet var ei avdeling av 2. bergenhusiske infanteriregiment, og Loftesnes vart om våren vald til å representere regimentet ved riksforsamlingaEidsvoll saman med kompanisjef Ole Elias Holck. Han høyrde der til sjølvstendepartiet.

Loftesnes tok over farsgarden i Sogndal og dreiv denne ei tid. Seinare kjøpte han ein annan gard i heimbygda og busette seg der. Der døydde han i 1848.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]