Nils Kjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Kjær

Nils Kjær teikna av Henrik Lund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1870
Holmestrand kommune
Død

9. februar 1924 (53 år)
Oslo

Yrke skribent
Språk norsk
Ektefelle Margrete Kjær
Nils Kjær på Commons
Statue til minne om Nils Kjær i parken Dulpen i Holmestrand

Nils Kjær (11. september 18709. februar 1924) var ein norsk forfattar, essayist og litteraturkritikar. Kjær var ein av dei første i norsk litteraturhistorie som levde av forfattarskapet sitt utan å ha fast yrkesmessig tilknyting nokon stad. Han var ein stendig vitjar på fleire av Kristianias kaféar. Krinsen rundt Kjær blei kalla «etter-bohemane». Kjær sitt mest kjende verk er skodespelet Det lykkelige valg frå 1913, ein satirisk komedie om målsaka, fråhaldssak, bedehuskristendom og politisk spel. Kjær er elles kjend for dei skarpsindige epistlane sine, kåseri og reisebrev, attåt eit utal litteraturkritikkar i hovudstadsavisene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nils Kjær blei fødd i Holmestrand som son av Christine Smestad og skipper Nils Henrik Kjær. Dei hadde også to døtrer. Faren døydde av tæring allereie våren 1873, på heimreise frå Lisboa med skipet sitt. Det tidlege tapet av faren kan kanskje forklare Kjær si ovundring for sterke mannsskikkelsar som til dømes Mussolini, og bifile dragnad. [1] Mora si slekt hadde gode nok kår til å hjelpe Nils Kjær til ei universitetsutdanning. I 1888 byrja han som elev ved Hauges Minde, eit kristeleg gymnasGrünerløkka, oppkalla etter Hans Nielsen Hauge og tufta av den kjende presten Johan Storjohann. Nils Kjær budde på internat ved skulen fram til 1890, då han tok artium med godt resultat. Mellom medelevane blei han kjend med landsungdom som var aktive målfolk. Etter kvart blei Arne Garborg ein person Kjær òg såg opp til.[2]

Målmann og aktivist[endre | endre wikiteksten]

Nils Kjærs første artiklar stod på trykk i Fedraheimen, avisa som vart grunnlagd av nettopp Garborg. I gymnasdagane var Kjær aktiv målmann, og skreiv 24. februar 1888 i ein artikkel retta mot kyrkjestatsråd Elias Blix: «Naar skal tidi komma, daa «maalet hennar mor» skal verta skulemaalet, og Oldnorsken setjast i høgsætet istadenfyr latin, og den norske soga framfor den romerske?» Han var òg ein skarp kritikar av kristendomsundervisning i skulen, og katekisme-forklaringa av Erik Pontoppidan, som han døypte om til «Gamle-Erik», også eit kjent tilnamn til djevelen. Om berre folk ville tenkje sjølv, meiner Kjær at «det rauk heile stellet, baade den rotne statskyrkja og med henne dei magtsjuke, pengekjære, innfeite prestarne». Han var talsmann for ålmenn røysterett for arbeidarar og husmenn, og for kvinnerettar. I mai 1888 fekk han trykt eit innlegg i Fedraheimen om pengestønad til streikande arbeidarar, og oppmodar Stortinget til å yte dei hjelp, «men so vidt til karar sit det ikkje i tingsalen».[3]

Etter nyttår 1890 gjekk Kjær over til å skrive artiklane sine på riksmål, mellom anna i Social-Demokraten, der han tok sterkt til orde mot militær opprusting. Hen meinte pengane heller burde gått til å hjelpe fattigfolk i naud, i staden for å ruste ut soldatar som skal setjast inn mot streikande arbeidarar. Det siste innlegget hans blei trykt i mars 1890. 25. februar var fire skulegutar, truleg frå Hauges Minde, meldt for gateuorden. Det kan tenkjast at ein av desse skulegutane var Kjær, som støtta streiken ved Christiania Seildugsfabrik som låg ved Akerselva i same stroket som skulen han gjekk på. I novella Smittekilden frå 1900 har Kjær skildra dagleglivet på Hauges Minde, mellom anna episoden der eleven Eivind Bjelke blir innkalla av skuleleiinga og truga med utvising om han ikkje sluttar med sine radikale aktivitetar. Dette kan vere sjølvopplevd, og forklaringa på at Kjær frå då av braut med den radikale fortida si.[4]

Kritikarverksemd[endre | endre wikiteksten]

I 1890 byrja Kjær på studia. Han tok etterkvart sterk avstand frå landsmål, og blir hugsa for slakten av Garborgs Haugtussa i 1895. Tida som teaterkritikar i Aftenposten frå 1909 til 1920 blei eit krosstog mot nynorsk teater, ikkje minst mot at Det norske teatret skulle få statsstønad, «denne udgift for at fugte den lille hentørrende maaloase i Rosenkrantzgaden». Han tok også til orde mot rettskrivningsreforma av 1917, og spådde at preteritumsendinga ville skape kaos, når ein samstundes ville ha a som honkjønnsending i substantiv. Kjær kritiserer departementets «kjønnsmoral», og kritikaren Anders Krogvig bør i følgje Kjær avstå frå å vere «hunkjønnskonsulent» i Jørgen Løvlands «vidløftige glose-harem». Kjær skildrar spåkpolitikken ført av Venstrestatsråd Løvland som «rampefornorsking» og «språkbolsjevisme».[5]

Det var ikkje berre målsaka Kjær endra oppfatning om. Kristentrua fann han etterkvart støtte i, medan han tok avstand frå kvinnefrigjeringa. Og rett nok tok han parti for jødar som Alfred Dreyfus og Maximilian Harden, og hadde ingenting til overs for den typen antisemittisme som resulterte i pogromar, men «børsjøden», som stod for vestleg handel og industri og skapte ein europeisk «blandingsrase» av folkeslaga, var for Kjær ein av menneskeættas «motbydeligste oppfinnelser». Jøden eigde pressa, meinte Kjær: «Han fodrer os med sin golde Skepsis, han intimiderer os med sin frække Haan.» Denne motviljen kan botne i ein feide med den dansk-jødiske litteraten Georg Brandes, som Kjær i 1892 hadde ynskt skulle bli professor i litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo. I 1910 kom det til eit ordskifte i Studentersamfundet i Oslo, der Brandes offentleg skulda Kjær for å ha vore så full at han ikkje hadde forstådd kva Brandes sa. I 1914, då Det lykkelige valg blei oppført på Nationaltheatret, gav Brandes stykket ei blanda mottaking med ufine hint til Kjærs alkoholisme. Til gjengjeld kom Kjær i sine artiklar med stikk til Brandes, som han eingong hadde sett opp til. Kjær sin uvilje mot ein borgarleg liberalisme av jødisk opphav blei i seinare år avløyst av frykt for ein kommunistisk revolusjon i jødisk regi[6]

Under første verdskrigen var Kjær i likskap med Knut Hamsun, Hjalmar Christensen, Tryggve Andersen og Sigurd Bødtker sterkt tyskvennleg. Han var tidleg blitt omsett til tysk, og han var spela mykje på tyske scener. Han kjende samhøyr med tysk kultur, og etter det tyske nederlaget meinte han at Tyskland likevel hadde «bevart det aandelige førerskap blandt folkene», som han skreiv i ein artikkel om Oswald Spenglers Der Untergang des Abendlandes, kvar han sluttar seg til Spengler sin bodskap om eit Vesten i forfall. I 1921 introduserte han med glede sine norske leiarar for Mussolini si fascistiske rørsle. På reise i Italia hylla han den framveksande ideologien: «Kommunisterne har til sin skade gjort den erfaring, at dette folk ikke er tilsinds at la seg underkue paa ordre fra Moskva, saalidt som det lar seg søndersnakke av sine egne parlamentariske storsvindlere.» Men han ytra aldri eit ynske om ei tilsvarande rørsle i Noreg; det ville vore ein «forloren imitasjon». Det var ein sterk mann ved roret han ynskte, og då såg han for seg ein leiar, slik Fridtjof Nansen hadde vore, i spissen for ei samlingsregjering.[7]

Siste år[endre | endre wikiteksten]

Kjær fekk ein alvorleg nyresjukdom. Enka Margrethe fortel i sin biografi om Kjær sitt dødslege, der ho prøvde å trøyste han med at døden ikkje kunne bli så vanskeleg for han som trudde på Gud. Kjær svarte: «Jeg har egentlig trodd mer på kristendommen enn på Gud.» Margrethe oppdaga at han var plaga av ei førestilling om at faren, som han ikkje hadde noko minne om, kom mot han for å krevje han til rekneskap.[8]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1895: Essays. Fremmede Forfattere - essay
  • 1898: Bøger og billeder - essay
  • 1902: Regnskabets dag - drama
  • 1903: I Forbigaaende - essay
  • 1907: Mimosas hjemkomst - drama
  • 1907: De evige Savn - noveller
  • 1908: Smaa Epistler - essay
  • 1912: Nye Epistler - essay
  • 1913: Det lykkelige valg - drama
  • 1917: For træet er der haab - drama
  • 1920: Svundne Somre - essay
  • 1924: Siste epistler - essay

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Nils Kjær» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2011.
  • Noreng, Harald (1995) [1975]. «Fra Marx til Mussolini. Nils Kjær som politisk polemiker». I: Birkeland, Bjarte; Kittang, Atle; Larsen, Stein Ugelvik & Longum, Lief. Nazismen og norsk litteratur. 2. utg. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-22406-6

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Sekundærlitteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]