Nils Løingslåtta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Løingslåtta
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1826
Hol kommune
Død

30. juli 1912 (85 år)

Yrke bonde

Nils Olsson Løingslåtta, (6. november 182630. juli 1912), var ein norsk kjend forteljar og tradisjonsberar frå Hol i Hallingdal. Han var frå garden Rygg, sjølv var han gardbrukar på bruket Løingslåtta i heimbygda.

I følgje Lars Reinton var Nils Løingslåtta ein forteljar av det spontane slaget.

Reinton skriv:Han var ikkje før komen innom døra, so bar det til å fortelja. Eg var hjå han og fekk han til å fortelja om forfedrane mine. Han sat ved vindauga, den gamle, magre mannen, med augo som stirde meir innetter enn frametter, hovudet nikka og nikka, han var so skjelv, hendene hans riste. Men fortelnadene hans kom som hugne i stein. Ein såg skapnadene for seg...

Rikard Berge skriv: Med sitt gode minne, sin lyriske hug og si klaare, rike maalføring høyrde han til dei beste sogusegjarar Hallingdal hev havt paa 1800-tale, de tvilast ikkje.

Nils var av den store Rygg-slekta i Hol, og var barnebarn av rosemålaren Kitil Olsson Rygg. Nils budde i Kvisle heile livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]