Nils Nilssen Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Nilssen Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juli 1806
Vestnes kommune
Død

21. juli 1854 (48 år)

Yrke politikar, prest
Språk norsk

Nils Nilssen Dahl (18. juli 180621. juli 1854) var ein norsk prest og stortingsmann.

Dahl var fødd på garden Øvstedal i Tresfjord (i dagens Vestnes kommune) i Romsdal, son av ein gardbrukar. Han vart student 1828, ferdig utdanna cand. theol. frå universitetet i Kristiania (Oslo) to år seinare. År 1831 oppheldt han seg i Frankrike, året etter var han pers. kapellan i Eivindvik. Perioden 1833-38 verka han i ledige embete i Bergens stift.

1838 vart Dahl pers. kapellan i Melhus. Attåt kapellanstillinga var han forlikskommissær og sparebankdirektør. Fyrst i 1851 fekk han fast embete som sokneprest, i Eid i Nordfjord. Også i Eid var han direktør i sparebanken. Etter tre år tok Dahl avskjed, og døydde fire veker seinare.

Dahl var stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag på alle tingsamlingane 1845-51. 1848 var han president i Odelstinget og formann i adressekomiteen. I 1851 var han visepresident i Odelstinget, og formann i tre komitear. Dei tre komiteane var høvesvis konstitusjons-, trykkings-, og arbeidarkomiteen. På stortinget høyrde han til den liberale fløya. Dahl vart rekna mellom dei beste talarane i stortinget.

Han var far til Walter Scott Dahl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914