Nils Olav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir Nils Olav II i 2005.

Sir Nils Olav II er ein kongepingvin i Edinburgh Zoo i Skottland. Han er æresoberst og maskoten til Hans Majestet Kongens Garde.

Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani besøkte Edinburgh Military Tattoo i 1961 for eit drillstevne, vart ein løytnant med namn Nils Egelien veldig interessert i pingvinkolonien til Edinburgh Zoo. Då Garden nok ein gong kom attende til Edinburgh i 1972, arrangerte Nils Egelien slik at troppen kunne adoptere ein pingvin. Pingvinen som dei adopterte vart gitt namnet Nils Olav i ære av Nils Egelien, og Olav V av Noreg.

Rolle i militæret[endre | endre wikiteksten]

Nils Olav vart tildelt militærgraden visekorporal og har etter dette vorte forfremma kver gong Garden har delteke på Edinburgh Military Tattoo. I 1982 vart han forfremma til korporal og så forfremma til sersjant i 1987. Nils Olav døydde kort etter denne forfremmelsen. Arvtakaren vart Nils Olav II, hans to år gamle etterfylgjar. Han vart nok ein gong forfremma i 1993 til stabssersjant. 18. august 2005 vart han forfremma til Honourable Regimental Sergeant Major, den høgaste underoffisersgraden i Skottland. Han vart også den fyrste pingvinen til å få denne tittelen i den norske hæren. På den same tida vart ein bronsestatue på 1,2 meter gitt til Edinburgh Zoo. Inskripsjonen i statuen anerkjenner Garden og Edinburgh Military Tattoo. Det står også ein statue ved Huseby leir i Oslo. Fredag 15. august 2008 i samband med 3. Gardekompani sitt bidrag under Edinburgh Military Tattoo, vart Nils Olav slått til ridder av den britiske generalmajoren Euan Loudon. Pingvinen kan difor omtales med tittelen sir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]