Nina Makarova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Makarova

Fødd12. august 1908
FødestadYurino
Død15. januar 1976 (67 år)
DødsstadMoskva
OpphavDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Verka somkomponist
Gift medAram Khatsjaturjan
PrisarFortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk

Nina Vladimirovna Makarova (12. august 190815. januar 1976) var ein russisk-sovjetisk komponist, mest kjend som kona til Aram Khatsjaturjan.

Familien til Nina Makarova var mariar, og som komponist utvikla ho difor ei sterk interesse for folkesongane til mariane. Ho studerte også under Nikolaj Mjaskovskij ved Konservatoriet i Moskva som Khatsjaturjan. Dei to sam-komponerte fleire musikkstykke, t.d. teatermusikk. Den 12. juni 1947 dirigerte ho då hennar eigen symfoni vart framført i Moskva.

Hovudverka hennar var ein symfoni i D-moll (1938) og operaen Zoja (1963). Elles komponerte ho filmmusikk, ein fiolinsonate, songsyklusar og ein ufullført opera som ho kalla for Courage.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]