Ninety Mile Beach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Ninety Mile Beach

Ninety Mile Beach er ei strand heilt nord på vestkysten av NordøyaNew Zealand.

Stranda strekker seg frå like vestanfor Kaitaia til Cape Reinga langs halvøya Aupouri Peninsula. Ho byrjar nær Reef Point, vest for Ahipara Bay og går eit kort stykke nordaustst før ho snur mot nordvest. Stranda endar ved Scott Point, fem kilometer sør for odden Cape Maria van Diemen.

NASA Satellittbilete av halvøya Aupouri Peninsula og stranda Ninety Mile Beach

Namnet Ninety Mile Beach stemmer ikkje med den faktiske lengda. I røynda er stranda 55 miles — 88 km — lang. Opphavet til namnet er ukjent, sjølv om det finst fleire teoriar om dette. Til dømes skal misjonærar som reid over stranda ha rekna henne som lengre enn ho var fordi det tok hestane deira, som vanlegvis gjekk 30 miles til dagen, tre dagar å gå han til endes — det dei ikkje rekna med var at det tek mykje lengre tid å gå over sand enn vanleg terreng.

I 1932 vart Ninety Mile Beach brukt som rullebane for nokre av dei første flypostrutene mellom Australia og New Zealand. Ho vert framleis brukt som ei alternativ rute av firehjulsdrevne køyretøy p.g.a. den ofte dårlege offisielle vegen nordover frå Kaitaia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ninety Mile Beach