Ningde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ningde (gul) i Fujian
Dekt bru i Pingnan i Ningde

Ningde (kinesisk skrift 宁德, pinyin Níngdé) er eit byprefektur nordaust i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina, ved Austkinahavet. I nord grensar Ningde mot provinsen Zhejiang. Byprefekturet har eit areal på 13 452 km² og 2 821 996 innbyggjarar i 2010.

Byprefekturet Ningde omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og seks fylke (县 xiàn), mellom dei siste er Pignan.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Varmt og fuktig klima, saman med fruktbar jord gir gode vilkår for jordbruk. Største eksportvarene frå landbruket i Ningde er sopp og te. I området vert det dyrka mengder av ulike frukter, som kinesiske kastanjar og plommer.

På grunne havområde vert dyrka og avla ulike sjøvekstar. Ein hauster østers, muslingar, reker og ferskvassål.

Gruvedrift på granitt, dioritt og basalt vert drive i Ningde i stor skala. Store mengder vasskraft er delvis grunnlag for den metallurgiske industrien som produserer magnesium, aluminium og ulike silisiumprodukt.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget mellom Wenzhou og Fuzhou fører gjennom området.

Riksveg 104 i Kina går gjennom prefekturet. Han tek til i Beijing, fører sørover via Dezhou og så til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]