Nini Roll Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nicoline Magdalene Roll Anker, kjend som Nini Roll Anker, (3. mai 187320. mai 1942) var ein norsk forfattar som var fødd i Molde. Ho var dotter av jurist, embetsmann, sorenskrivar, politikar og høgsterettsdommar Ferdinand Roll. Ho skreiv ei rekkje romanar og skodespel, mest kjend er ho for Det svake kjøn (1915), Den som henger i en tråd (1935) og den posthumt utgjevne Kvinnen og den svarte fuglen som kom i 1945.

Den fyrste boka gav ho ut under pseudonymet Jo Nein 1898. Dei neste to bøkene Lil-Anna og andre (1906) og Benedicte Stendal (1909) vart utgjevne under hennar eige namn som då var Nini Roll. Dei seinare bøkene vart publisert under namnet Nini Roll Anker, etter at ho hadde gifta seg med ingeniøren, seglaren og båtkonstruktøren Johan August Anker. Unntaket er tre bøker gitt ut under pseudonymet Kåre P.: Liv, livet og jeg (1927), Vi skriver en roman (1930) og To ungdomsår (1939).

Nina Roll og Johan Anker budde på Vollen i Asker. 3. mai 1973, på 100 års dagen sidan ho vart fødd, vart det avduka ei byste av Nini Roll Anker på Gotfred Lies plass i Mold. Bysta er laga av Hjalmar Hansen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lill-Anna og de andre, 1906
  • Benedicte Stendal, 1909
  • Per Haukeberg, 1910
  • De vaabenløse, 1912
  • Det svake kjøn, 1915 (omarbeidet utg. 1924)
  • Fru Castrups datter, 1918
  • Kirken, (skodespel, 1920)
  • Huset i Søgaten, 1923
  • Komedien, (skodespel, 1923)
  • Kvindesind, 1924
  • I amtmandsgaarden, 1925
  • Piken, (skodespel, 1925)
  • Under skraataket, 1927
  • Prisopgaven, 1928
  • Enken, 1932
  • Elling Thorsens hjem, 1934
  • På ærens mark, (skodespel, 1934)
  • På egen grunn, 1936
  • Små avsløringer, 1937
  • Bak Munkeruds fasade, 1938
  • Kvinnen og den svarte fuglen, 1945
  • Min venn Sigrid Undset, 1946

Under pseudonym[endre | endre wikiteksten]

  • I Blinde (som Jo Nein), 1898
  • Liv, livet og jeg (som Kåre P), 1927
  • Vi skriver en roman (som Kåre P), 1930
  • To ungdomsår (som Kåre P), 1937

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]