Nintendo 64

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nintendo 64

Nintendo 64, forkorta N64, er ein spelkonsoll frå Nintendo som først blei lansert i juni 1996 i Japan. Han kom på marknaden i Noreg i 1997. Namnet kom etter den 64-bits CPU-brikka i maskinen.

Nintendo valde nok ein gong å gå for spel på kassettar, men dette blei ein ulempe for Nintendo sidan Sony begynte å produsere spel på CD-plater til sin PlayStation. Dette viste seg å tiltrekke fleire produsentar sidan det var billegare å lage spel på CD-plater enn på kassettar. Nintendo lanserte denne gongen langt mindre titlar enn tidlegare, men dei oppnådde likevel suksess på grunn av dei knallgode titlane. Seriar som The Legend of Zelda og Super Mario blei godt mottatt av publikum og Zelda-spelet The Legend of Zelda: Ocarina of Time har fleire gonger blitt kåra til verdas beste videospel. På Metacritic har dette spelet heile 99 poeng, av 100 moglege. Super Mario 64 fekk ein ekstra varm velkomst sidan det var eit av dei første vellykka plattformspela i 3D-grafikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nintendo 64
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.