Nintendo DS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nintendo DS
Elektrisk blå Nintendo DS

Nintendo DS (ニンテンドー, Dual Screen eller Developers System, ofte forkorta til NDS eller DS) er ein handheldt spelekonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. DS blei lansert i 2004 i Japan og Nord-Amerika, og kom til Europa i 2005.

Nintendo DS består av to samanleggbare skjermar, der den eine skjermen er trykkfølsom. Det fylgjer med ein eigen griffel som nyttast til peike på skjermen med. Spelekosollen er og utstyrd med mikrofon og støtte for trådlaus kommunikasjon (IEEE 802.11). Innan ei grense på om lag 10–30 m, avhengig av førehalda, kan 2-8 spelarar såleis spele saman mot kvarandre. Sidan spelekonsollen støttar nedlasting av innhald frå andre DS'ar, er det ikkje naudsynt at alle eig det same spelet. Når konsollen vert slått av, vert nedlasta innhald sletta frå minnet.

Nintendo DS nyttar ein eigen type spelekassettar som på størrelsen kan minne om vanlege minnekort. Spelkassetten skal setjast inn i eit hol bak DSen. Nintendo DS støttar og spelekasettar til Game Boy Advance. Ettersom desse kassettane er smykje større, vert ei anna hol nytta for å sette inn desse spela. DS støttar derimot ikkje spel til den originale Gameboy eller GameBoy Color.

Omformingar[endre | endre wikiteksten]

Nintendo DS Lite[endre | endre wikiteksten]

Nintendo DS Lite

Nintendo DS Lite er ei mindre og lettare utgåve av Nintendo DS som vart annonsert 26. januar 2006.[1] Konsollen vart utgjeve først i Japan 2. mars 2006, og kom til Nord-Amerika og Europa juni same året.

Nytt med DS Lite er klårare og lysare skjermar, der ein kan justere lysstyrken på dei mellom fire nivå. Skalet på maskina er no blankt på utsida, og matt inni. Lysindikatorane som synar om eininga er slått på eller blir lada er flytta opp til øvre høgre hjørne, som gjer lysa synlege både når maskina er opna og lukka att. Styrekrossen og A-, B-, X- og Y-knappane er blitt omforma for å stå nærare i stil med dei på Wii og Game Boy Micro.[2] Av/på knappen er flytta frå øver venstre hjørne på innsida til høgrekanten på utsida av eininga. Peikepennen er gjort større, og blir putta inn i eit hol på høgrekanten av konsollen.

Game Boy Advance-utgangen på maskina er blitt mindre, noko som gjer at GBA-spelekassettar står ut av maskina med om lag 1 cm. Med kvar DS Lite følgjer det med eit støvdeksel som ein kan ha i GBA-utgangen om han ikkje blir brukt.

Nintendo DSi[endre | endre wikiteksten]

Nintendo DSi

Den 2. oktober 2008 kunngjorde Nintendo nok eit brigde på Nintendo DS, kjend som Nintendo DSi. Denne utgåva har større skjermar og eit nytt grensesnitt som lèt spelarane laste ned spel frå nettet. Støtta for Gameboy Advance spel er fjerna. Istaden kan DSi nytte SD-minnekort til å redigere, vise og ta bilete med det innebygde kameraet.

Avgrensa utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DS Lite officially announced. Vitja 9. november 2009.
  2. DS Lite Hands-on. Vitja 9. november 2009.
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.