Nintendogs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nintendogs

Utviklar(ar)Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
Produsent(ar)Hideki Konno
SerieNintendogs
Plattform(er)Nintendo DS
Utgjeving2005
SjangerKjæledyrsimulator.
SpelemodusEinspelar, tospelar.
Aldersgrense3+
Nettstadhttp://nintendogs.nintendo.es/player.cfm
Nintendogs + Cats→

Nintendogs (ニンテンドッグス Nintendoggusu) er eit kjæledyrsimulator-videospel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det blei fyrst utgjeve i Japan i 2005, og blei seinare utgjeve i Nord-Amerika, Australia, Europa og andre regionar. Det fanst opphavleg tre forskjellige versjonar: Dachshund & Friends, Lab & Friends (Shiba & Friends i Japan) og Chihuahua & Friends. Spelet har blitt gjeve ut på nytt to gonger etter det, fyrst som ei samla utgjeving med ei spesiell utgåve av Nintendo DS, med ein ny versjon kalla Nintendogs: Best Friends, og seinare som Nintendogs: Dalmatian & Friends.

I Nintendogs brukar spelaren berøringsskjermen til å klappe hundane og bruke ulike element som har blitt funne eller kjøpt. Dette er alt frå ballar og frisbear, til leiker, mat og til å halde hundane nøgde. Den innebygde mikrofon brukar spelaren til å rope på hundane, få dei til å gjere triks og uttale namnet til hunden i byrjinga av spelet, i tillegg til å lære hunden kommandoar som "sitt" eller "rull over". Spelaren kan gå på tur med hundane sine og til parken dersom dei ynskjer det. Dei kan òg møte hundane til andre spelarar i multiplayer-modus ved å bruke DS-ane sin trådløse linking.

Nintendogs fekk for det meste positive tilbakemeldingar. Spelet har ein score på 85% på Game Rankings og har vunne mange prisar. Pr. 31. mars 2013, har alle versjonane av Nintendogs kombinert solgt 23,95 million eksemplar verda over, noko som gjer spelet det andre på Nintendo DS bestseljarlista, berre bak New Super Mario Bros.. I 2010 blei det annonsert ein etterfylgjar, med tittelen Nintendogs + Cats, som vil bli lansert for Nintendo 3DS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]