Nirrti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nirrti (sanskrit निरृति, nirṛti, 'øydelegging, vondskap') eller Nirriti er ei vedisk gudinne for død, forderving og ulukke. Ho er nemnd i Vedaene og i seinare hindulitteratur, som Mahabharata.

Gudinna er nemnd i Rigveda og fleire gonger i Atharveda. Ho skal vera ein mørk skapnad kledd i mørke klede, men håret hennar er ein stad omtalt som gyldent. Ho skal ha band eller lenkjer om alle døydelege. Ugla og dua er rekna som sendeboda hennar. Nirrti er knytt til retningane sør og sørvest, som står for død og ulukke i hinduismen også i dag. Ho er knytt til stjernebildet mula (‘rota’).

Nirrti er også sett i samband med jorda.[1] Ho held til i underverda eller ved røtene av jorda.[2] I Satapatha Brahmana blir det sagt at ein skal ofra til Nirrti gjennom naturlege groper eller sprekker i jorda, eller ufruktbare flekkar.[3]

Til forskjell frå for velgjerande gudar, som ein påkallar og ber om vern og velsigningar frå, bruker ein utføra ritual for å støyta vekk eller blidgjera Nirrti. I vediske ritual kan ein til dømes gje gudinna ein del av offeret. Ein kan også be henne ta illgjerningsmenn eller folk som ikkje følgjer loven eller ofrar.

Namnet «Nirrti» er sett saman av nir, truleg ein nektande preposisjon, og ṛti/ṛta, ‘sanning, orden’.[1] I Mahabharata er Nirrti omtalt som kona til Adharma ('urettvise') og mor til Bhaya ('sjukdom', 'fare', 'redsle'), Mahābhaya (‘frykt’) og Mṛtyu (‘død’). I den seinare puranaen Markandeyapurana er ho kalla dotter av Adharma og Hiṁsā ('skade') og mor til Naraka og Bhaya. Ho er også opphavet til Nairrta-demonane.

I nokre verk frå nærare vår tid finst også ein mannleg Nirrti. I Mahanirvana Tantra, som truleg er frå 1700-talet, er til dømes Nirrti «mørkegrøn, med eit sverd i handa, ridande på ein hest».[4] I moderne vastushastra (bygningslære) er det sørvestre hjørnet ofte knytt til Niruthi eller Nairuthia, ein mannleg demon.

Liknande gudar[endre | endre wikiteksten]

Nirrti er blitt sett i samband med den mørke dødsguden Jama som herskar over retningen sør. Ho har også visse likskapar med den norrøne dødsgudinna Hel, som er delvis mørk og held til i ei underverd, men som ein finn mot nord.

Det finst òg fleire nyare hindugudinner som liknar Nirrti. Nyare gudinner er blitt nemnde som vidareføringar av Nirrti, og fleire har visse likskapar. Kali er til dømes også svart på farge og knytt til død, men er meir aktiv og blodig enn Nirrti. Ho har også svart, utflidd hår medan Nirrti er skildra som gyldenlokka.[5] Dhumavati, ei av ti tantriske gudinner, er også knytt til ulukke, nød og død, og er ofte avbilda som mørkhuda og med mørke klede.[6]

Elles kan Alaksjmi, motsatsen til lykkegudinna Laksjmi, likna eller vera ei vidareutvikling av Nirrti. Også ho har ei ugle som symbol og ulukke som spesialfelt. Jyestha er ei anna ulukkesgudinne som også er rekna som syster til Laksjmi, som ein kan verna seg mot ved å tilbe henne. Det finst ulike soger som seier at både desse to gudinnene og Nirrti kom til verda før Laksjmi under kjerninga av mjølkehavet då verda blei til.[7]

Det finst fleire liknande landsbygudinner som kan føra til ulukke om ein ikkje blidgjer dei, som koppargudinna Sittaladevi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]