Nirvanadagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buddha som omgjeven av disiplar oppnår paranirvana.

Parinirvana- eller nirvanadagen er ei høgtid innan mahayana-buddhismen til minne om då Buddha oppnådde fullstendig nirvana då den fysiske kroppen hans døydde. Dagen blir hovudsakleg feira den 15. februar, men nokre markerer han den 8. februar. Nirvanadagen blir særleg markert i Aust-Asia, i tillegg til nokre vestlege buddhistiske grupper.

I løpet av dagen kan ein lesa frå Nirvanasutra, som skildrar dei siste levedagane til Buddha. Ein kan også utføra meditasjon og vitja buddhisttempel og kloster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]