Niš

Koordinatar: 43°19′09″N 21°53′46″E / 43.31917°N 21.89611°E / 43.31917; 21.89611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nis)
Niš
Horisonten til Niš
Horisonten til Niš
Flagget til Niš Byvåpenet til Niš
Flagget til Niš Byvåpenet til Niš
Kallenamn
«Keisarbyen»
Plassering
Niš is located in Serbia
Styresmakter
Land  Serbia
Region Sør-Serbia
Distrikt Nišava distrikt
Geografi
Flatevidd
 - By

597 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2002)
   - folketettleik

299 295
  501,3 /km²
Koordinatar 43°19′09″N 21°53′46″E / 43.31917°N 21.89611°E / 43.31917; 21.89611
Høgd over havet 195 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 18000
Retningsnummer (tlf) (+381) 18
Bilnummer NI
Nettstad: www.ni.rs

Niš (serbisk Ниш; gresk Naissòs, Ναισσος) er ein by i Serbia i distriktet Nišava distrikt ved elva Nišava. Med meir enn 299 295 innbyggjarar er han den største byen i Sør-Serbia og den tredje største byen i landet etter Beograd og Novi Sad. Byen dekkjer eit område på 597 km², som omfattar sjølve byen Niš, kurstaden Niška Banja og 68 forstader.

Niš er ein av dei eldste byane på Balkan, og frå gammalt av vore ein port mellom Austen og Vesten. Han ligg der motorvegane på Balkan møter motorvegane frå Mellom-Europa, og knyter Vesleasia til Europa. Niš Konstantin den store lufthamn er den internasjonale flyplassen ved byen.

I Niš ligg ein av dei eldste kyrkjene i Serbia, frå 300-talet.[2] Byen er òg kjend som fødestaden til Konstantin den store, den første kristne romerske keisaren og grunnleggjaren av Konstantinopel,[3] og to andre romerske keisarar, Konstantius III og Justinius I.

Niš er eit universitetssenter. Det er om lag 30 000 studentar på Universitetet i Niš, som består av 13 fakultet. Niš er òg eit av dei viktigaste industrisentera i Serbia, eit senter for elektronikk, maskinteknikk, tekstilindustri og tobakksindustri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Mosaikk i Mediana

Under Romarriket heitte byen Naissus, som er det latinske namnet av det opphavlege Naissos ('nymfebyen'), ein gammal gresk koloni som vart grunnlagd i antikken.

Då romarane erobra dei greske koloniane var Naissos base for desse operasjonane i området. Naissus vart først nemnd i romerske kjelder på byrjinga av 100-talet e.Kr. og vart nemnd i Geografia av Klaudios Ptolemaios. Romarane okkuperte byen i perioden under den dardanske krigen (75-73 f.Kr.), og byen utvikla seg som ein strategisk korsveg, garnison og marknadsby i provinsen Moesia Superior.

I 268 e.Kr., under «krisa på 200-talet» då Riket nesten kollapsa, invaderte gotarane Balkan i store massar. Gotarane var allierte med herulane som gav dei flåte som kunne transportere dei store armeane nedover kysten av Svartehavet, der dei raserte kystområda i Thrakia og Makedonia. Ein annan stor styrke kryssa Donau i Moesia. Invasjonen til gotarane i provinsen Pannonia førte til katastrofe. I 268 vann keisar Gallienus nokre viktige sigrar på land og til havs, men det var etterfølgjaren Claudius II som til slutt slo tilbake fienden i slaget ved Naissus i 268, eit av dei blodigaste slaga på 200-talet.

Fire år seinare i 272 vart son av kommandanten Constantius Chlorus og krovertdottera Flavia Iulia Helena fødd i Naissus og vart seinare keisar Konstantin den store. Ruinane etter keisarvillaen frå 300-talet i Mediana er ein viktig arkeologisk stad nær Niš. Mosaikkgolvet og andre spor etter luksus er godt bevarte i eit arkeologisk museum på staden. Andre villaer frå same tida ligg like i nærleiken. Den kristne basilikaen frå 300-talet i Niš er eit av dei eldste kristne byggverka. Ein annan romersk keisar, Konstantius III (421), vart fødd i Naissus.

Sjølv om keisar Julian forsterka murane, gjorde den store velstanden i byen han til eit mål, og han vart øydelagd av Attila i 443. Hunaren Attila erobra Naissus med rambukkar og rulletårn, som var nye våpenmetodar for hunarane. Etter hunarane erobra byen Naissus massakrerte dei innbyggjarane i byen. Fleire år seinare var elvebreidda utanfor byen framleis dekt av menneskebein. Grunnleggjaren av det justinianske dynastiet, Justinius I vart fødd i Naissus i 450, og nevøen hans Justinian I gjorde sitt beste for å bygge opp att byen, men Naissa klarte aldri å verte like stor som han var på 300-talet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

På siste halvdel av 500-talet vandra dei første slavarane og avarane til området. På 500- og 600-talet gjorde slaviske stammer åtte forsøk på å ta Niš. I det siste åtaket i 615 klarte dei å ta byen, og det meste av den romerske folkesetnaden flykta eller forsvann. Byen og jordbruksområda rundt vart så busett av slavarar. På 800-talet tok bulgarar over området, etterfølgd av ungararar på 1000-talet, og byen stod imot eit åtak under folkekrosstoget den 3. juli 1096. Austromarane gjenerobra byen nok ein gong i 1173, før han mot slutten av 1100-talet kom inn under den serbiske fyrsten Stefan Nemanja.

I 1375 erobra Det osmanske riket Naissus. Etter ein 25 dagar lang omleiring fall byen til tyrkarane. I 1443 fall Niš til Ludanjin og byen vart gjeven tilbake til serbarane. Den ungarske militærleiaren Janos Hunyadi i lag med serbaren Đurađ Branković slo tyrkarane og pressa dei tilbake til Sofia. Eit viktig slag vart utkjempa nær Niš, som vart verande ein fri by eit år etter det. Det var under dette slaget at den osmansk kommandanten Gjerg Kastrioti, kalla Skanderbeg, forlet osmanarane. Han rømde til Albania med ein stor flokk, der han dreiv geriljakrig mot osmanarane resten av livet sitt.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Ytre murar i Skalletårnet

Niš overgav seg til tyrkarane igjen i 1448, og vart verande underlagt tyrkarane dei neste 245 åra. I denne perioden var Niš eit av seta for tyrkisk militære og sivil administrasjon. Niš festning, som vart bygd i denne perioden, er framleis eit av dei vakraste og best bevarte byggverka på Balkan.

Den bevarte festninga har tyrkisk opphav og vart bygd på byrjinga av 1700-talet. Festninga vart reist over eit tidlegare festningsverk frå romarane, austromarane og mellomalderfort. I 1737 vart Niš erobra av den austerrikske armeen i felttoget deira mot tyrkarane. Krigen enda i 1739.

På byrjinga av 1800-talet var frigjeringa av Niš frå tyrkarane avgjerande for å opprette ein ny serbisk stat. Den serbiske leiaren Karađorđe påpeikte i samtalar med representantar frå Russland, Napoleon og tyrkarane, at Niš måtte høyre til Serbia. Den serbiske frigjeringshæren gjekk mot Niš for å ta byen og gå vidare mot Gamle Serbia og Kosovo. Byen vart ein del av Serbia etter San Stefano-traktaten

Universitetet i Niš og Minnekapellet

Under den tyske okkupasjonen i den andre verdskrigen vart den første konsentrasjonsleiren til nazistane i Jugoslavia bygd nær Niš. Byen vart kraftig bombardert av dei allierte i 1944.[4] I 1996 var Niš den første byen i Serbia som stod opp mot styret til Slobodan Milošević. Ein koalisjon av demokratiske motstanderparti kalla Zajedno («Saman») vann det lokale valet i Niš i 1996. Den første demokratiske ordføraren i Niš var Zoran Živković, som seinare vart statsminister i Serbia i 2003. 7. mai 1999 vart byen klasebomba av NATO

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SN31 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2009, henta 22. mars 2009 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 22. mars 2009 
  3. Katolsk leksikon: Constantine the Great
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. juli 2011, henta 22. mars 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Nis frå Wikivoyage