Nisida

Koordinatar: 40°47′43″N 14°09′48″E / 40.79528°N 14.16333°E / 40.79528; 14.16333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nisida
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 40°47′43″N 14°09′48″E / 40.79528°N 14.16333°E / 40.79528; 14.16333
Øygruppe Dei flegreiske øyane

Høgaste punkt Nisida (105 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Campania
Napoli

Nisida er ei vulkansk øy i Tyrrenhavet i nordenden av Napolibukta på sørvestkysten av Italia. Øya høyrer til Dei flegreiske øyane. Ho ligg like ved Posillipo, like nord for Napoli og er forbunde til fastlandet via ei steinbru. Øya er nesten sirkelforma med eit krater fylt av vatn, som dannar bukta Porto Paone på sørveskysten. Ho har ein diameter på 500 meter og er 105 meter over havet på det høgaste.

I antikken bygde Lucius Licinius Lucullus ein villa på Nisida, og Marcus Iunius Brutus hadde òg ein bustad her. Kona til sistnemnde Porcia, dottera til Cato Uticensis, tok livet sitt. Det vert hevda at nokre av dei gamle ruinane på Nisida faktisk er villaen til Brutus og at det var her komplottet om å ta livet av Julius Cæsar vart lagd. På 1500-talet vart det bygd ei borg av Macedonio-familien.

På 1800-talet hadde Huset Bourbon eit frykta fengsel på øya. Fengselet vart kjend då William Gladstone etter å ha vitja fengselet i 1851 skreiv Two Letters to the Earl of Aberdeen on the State Prosecutions of the Neapolitan Government, der han avdekte dei grove forholda. I desse breva skapte Gladstone den no kjende skildringa av Kongedømet Begge Siciliar som «the negation of God erected into a system of Government» («eit statssystem basert på gudsfornekting»). Sinne i Europa førte delvis til at tilhøva betra seg i fengselet.

Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av den britiske hæren, som òg nytta øya som fengsel. Minst ein britisk fange vart avretta ved skyting i løpet av denne perioden.

Nisida er i dag delt mellom eit marinehovudkvarter som høyrer til NATO og eit ungdomsfengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]