Niue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Niue

(norsk: Niue, niuisk)

Det niuiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Ko e Iki he Lagi»
Geografisk plassering av Niue
Offisielle språk Niuisk og engelsk
Hovudstad Alofi
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Sandra Lee-Vercoe
Toke Talagi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
260 km² (260 191.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
1 269 (198.)
4,9 /km² (—.)
Sjølvstende
erklært
19. oktober 1974
BNP
 – Totalt (2003)
 – Per innbyggjar
 
10 mill. USD (195.)
5 800 USD (113.)
Valuta Newzealandsk dollar
Tidssone UTC -11
Telefonkode +683
Toppnivådomene .nu


Niue er ei autonom øy i sørvestre Stillehavet, i fri assosiasjon med New Zealand. Hovudstaden er Alofi.

Kart over Niue

Niue ligg 2400 km nordaust for Auckland og 3900 km nordaust for Sydney i eit triangel mellom Tonga, Samoa og Cookøyane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Niue blei folkesett av polynesarar frå Samoa rundt år 900. Nye innvandrarar eller erobrarar kom frå Tonga på 1500-talet. Det niuiske språket er eit polynesisk språk som er nærast i slekt med tongansk.

Dei første europearane som kom til øya var James Cook sin ekspedisjon i 1744. Cook kalla øya «Savage Island», 'Villmannsøya', ettersom innbyggjarane hadde tenner farga raude. Raudfargen stamma ikkje frå blod, som Cook trudde, men ei lokal raud banan. Etter nokre hundeår blei det lokale namnet Niu ē, som tyder 'sjå kokosnøtta', teke i bruk internasjonalt.

Frimerke frå Niue frå 1920.

Øya blei vitja av misjonærar frå London Missionary Society i 1846. I 1887 tilbaud kong Fata-a-iki øya til Det britiske imperiet i frykt for andre kolonimakter. Øya blei britisk protektorat i 1900, men annektert av New Zealand i 1901. Øya fekk valet i 1974 om ho ville bli sjølvstendig, sjølvstyrande eller framleis vera styrt av New Zealand, og valde sjølvstyre i ei folkeavstemming. Øya er i dag styrt av Niue-forsamling, Niue Fono Ekepule.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Niue

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.