Nivå for fri konveksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nivået for fri konveksjon («Level of Free Convection» (LFC)) er eit nivå i atmosfæren der temperaturen byrjar å falle raskare enn den fuktigadiabatiske temperaturendringa til ein metta luftpakke i same nivå.

Den vanlegaste måten å finne nivået for fri konveksjon på i eit diagram er er å løfte ein luftpakke frå lågare nivå tørradiabatisk til den kryssar linja for blandingsforholdet til pakken. Frå der kan ein følgje pakken fuktigadiabatisk til temperaturen til pakken er lik temperaturen til omgivnadane. Visst temperaturen til pakken då er høgare enn omgivnadane visst ein løftar pakken vidare langs fuktigadiabaten har ein funne nivået for fri konveksjon.

Den ideelle gasslova (PV = nRT) gjev at volumet til luftpakken er større enn den omliggande lufta etter nivået for fri konveksjon. Luftpakken er lettare enn lufta i omgivnadane, og vil fortsette å stige til temperaturen er lik omgivnadane. Visst luftmassen har eit eller fleire nivå for fri konveksjon er den potensiell ustabil og kan føre til konvektive skyer som cumulus eller toreskyer.