Nivelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nivelle
elv
Nivelle ved Ascain
Land  Spania,  Frankrike
Nedslagsfelt 233 km²
Lengd 41 km
Middelvassføring /s
Kjelde Dei vestlege Pyreneane
 - høgd 520 moh.
Munning Biscayabukta
Kart
Nivelle
43°23′18″N 1°40′11″W / 43.38833333°N 1.66972222°W / 43.38833333; -1.66972222
Wikimedia Commons: Nivelle

Nivelle (baskisk Ugarana eller Urdazuri) er ei 41 km lang elv i Baskarland langs grensa mellom Frankrike og Spania. Ho renn frå søraust til nordvest og berre 7 km av ho er kan nyttast til skipsfart. Elva oppstår frå fleire elvar i Urdazubi (Navarra), og går langs den spansk-franske grensa ved Dantxarinea etter 14 km. Elva munnar ut i Biscayabukta ved Saint-Jean-de-Luz.

Området elva renn gjennom har eit mildt klima (middeltemperatur på 14 °C) påverka av fuktige luftmassar frå havet. Dette fører til ein nedbørnormal på 2000 mm årleg i nedslagsfeltet. Stundom, som i 2007 og 1983, har elva gått over breiddene sine etter kraftig nedbør. Mange landsbyar har då vorte hardt råka. Det har lenge vore eit ønske om å bygge ei demning for å regulere elva å hindre framtidige flaumepisodar. Middelvassføringa i elva er 5 m³/s ved Saint-Pée-sur-Nivelle.

Elva er rik på aure, særleg i dei øvre delane. I dei nedre delane av elva finn ein òg laks og stamsild.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]