Nivkhisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nivkhisk
(нивхгу)
Andre namn: giljakisk
Klassifisering: Isolert språk
Bruk
Tala i: Flag of Russia.svg Russland
Nivkhisktalande i alt: 198[1]
Skriftsystem: Det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3: niv

Nivkhisk eller giljakisk er eit isolert språk som blir snakka i Russland.

Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 4652 medlemmer av den etniske gruppa som snakkar nivkhisk, men berre 198 menneske som snakka nivkhisk.[1] I 1989 var dei tilsvarande tala omkring 4673 medlemmer, men mindre enn ein firedel av desse hadde giljakisk som førstespråk.[2] Ei av dei viktigaste årsakene til dette er tvangsflytting av delar av folket, noko som har medført at mange har vorte isolert og dermed tek i bruk andre språk.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Nivkhisk er delt inn i fire dialektar, amur, nordsakhalinsk, sørsakhalinsk og austsakhalinsk. Skilnadene mellom amur og sakhalin er store.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Nivkhisk er eit SOV-språk. Det har høg grad av inkorporering, eit trekk det delar med eskimoisk-aleutiske språk.


Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Fremre Bakre
urunda runda
Lukka ɪ u
Mid ɪe ɤ o
Open æ

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Labial Alveolar Palatal Velar Uvular Glottal
Nasal m n ɲ ŋ
Lukkelyd aspirert
uaspirert p t c k q
Frikativ ustemt f s x χ h
stemt v z ɣ ʁ
Rullelyd ustemt
stemt r
Approksimant l j w

Nivkhisk har også ein kompleks morfofonologi, t.d. vekslar lukkelydar med kontinuantar på suffiksgrensa.

Aspirert ↔ ustemt Uaspirert ↔ stemt
Lukkelyd p t c k q
Kontinuant f s x χ v r z ɣ ʁ

Døme:

  • /pəɲx/ 'suppe'
  • /pənraj vəɲx/ 'andesuppe'
  • /amsp vəɲx/ 'selsuppe'
  • men: /cxəf pəɲx/ 'bjørnesuppe'


Utviklinga av nivkhisk i det nivhkiske samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk og russisk statistikk[3] gjev følgjande tal for utviklinga av nivkhisk

Etniske nivkhar og prosentdel av dei nivkh-talande (tala i tabellen er for den sovjetiske perioden runda av til næraste hundre)

År Etniske
nivkhar
Nivkhisk-
talarar
Prosent
1926 4.100 4.100 100 %
1959 3.700 2.800 76 %
1970 4.400 2.200 50 %
1979 4.400 2.100 48 %
1989 4.700 1.100 23 %
2002 5.162 688 13 %
2010 4.652 198 4,3 %

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Etter eit par forsøk på skriftfesting i 1880, fekk nivkhisk eit latinskbasert skriftspråk i 1931, i tråd med dåverande sovjetisk språkpolitikk. Det latinske alfabetet vart erstatta med kyrillisk i 1937


[4]

А а Б б В в Г г Ӷ ӷ Ғ ғ Ӻ ӻ Д д
Е е Ё ё Ж ж З з И и Й й К к К’ к’
Ӄ ӄ Ӄ’ ӄ’ Л л М м Н н Ӈ ӈ О о П п
П’ п’ Р р Р̌ р̌ С с Т т Т’ т’ У у Ў ў
Ф ф Х х Ӽ ӽ Ӿ ӿ Ц ц Ч ч Ч’ ч’ Ш ш
Щ щ ъ Ы ы ь Э э Ю ю Я я

I den nivkhiske amur-dialekta finst også bokstavane Ӷ ӷ, Ў ў, Ч’ ч’.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. Ethnologues tal frå 1989
  3. Tabellen fram til 2002 er henta frå tysk wikipedia, som har tala frå offisiell sovjetisk og russisk statistikk. For ein introduksjon til sovjetisk statistikk over språk, sjå Trond Trosterud: Introduction to the Soviet census data presented here, artikkelen inneheld presentasjon og referanse til primærkjelder. Tala for 2010 er henta frå "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  4. Электронное фонетическое справочное пособие по нивхскому языку "Нивх диф"


Bibliografi[endre | endre wikiteksten]