Nix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nix
Plutonian system.jpg
Ein kunstnar førestiller seg Hydra (forgrunnen),
Pluto og Charon (bak),
og Nix (lyspunkt til venstre for midten)
Oppdaging
Oppdaga av Romteleskopet Hubble
Pluto Companion Search Team 
Oppdagingsdato juni 2005
Banedata
Store halvakse(a) 48 675 ± 120 km
Eksentrisitet (e) 0,002 ± 0,002
Omløpsperiode (P) 24,856 ± 0,001 d
Banehelling(i) 0,04° ± 0,22°
Satellitt av Pluto
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 46 − 137 km
Masse 5×1016 − 2×1018 kg
Tettleik ukjend
Rotasjonsperiode ukjend
Aksehelling ukjend
Albedo 0,04 − 0,35 (truleg)
Tilsynelatande størrelsesklasse 23,38 til 23,7
Overflatetemperatur 33-55 K
Atmosfære ingen

Nix (òg referert til som S/2005 P 2, Pluto II og 134340 II ) er ein av tre kjende plutomånar. Den vart oppdaga i lag med Hydra i juni 2005 av Pluto Companion Search Team ved hjelp av bilete tekne av romteleskopet Hubble.

Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga månane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjort 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete frå 2002 kunne bekrefta at månane fanst. Månane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2. Månane følgjer ein sirkulær bane lik Charon. Omløpstida på 24,9 dagar er nær ein 1:4 baneresonans med Charon; men avviket er på 2,7% slik at det sannsynlegvis ikkje finst nokon aktiv resonans.

Oppdagingsbileta av Nix og Hydra.

Sjølv om det aldri har vorte gjort direkte målingar av størrelsen, er månen kalkulert til å ha ein diameter mellom 46 (dersom albedoen er lik den av Charon) og 137 km (dersom den har albedo lik dei mørkaste Kuiperbelte-objekta). Nix er noko svakare i lysstyrke enn Hydra, noko som hintar til at den også er litt mindre. På oppdagingsbiletet er Nix 6300 gongar svakare enn Pluto.

Tidlege undersøkingar såg ut til å visa at Nix var raudleg lik Pluto og ulikt dei andre månane; men meir nylege observasjonar viser at den er grå lik resten av satellittane. Nix vert besøkt i lag med resten av Pluto-systemet av romsonden New Horizons i juli år 2015.

Namnet Nix kjem frå den greske gudinna for mørke og natt, mora til Karon. Namnet vart gjort kjent 21. juni 2006 med IAU Circular 8723, der designasjonen Pluto II også er gjeven. I lag med Hydra, Plutos tredje måne, utgjer dei initialane til New Horizons; NH. Det opphavlege namneforslaget gjekk ut på å bruka den gammal greske stavinga Nyx, men for å unngå misforståingar med asteroiden 3908 Nyx vart den egyptiske stavinga brukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]