Nizjnij Novgorod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nizjnij Novgorod
Нижний Новгород
Кремль Нижний 1.jpg
Flagget til Nizjnij Novgorod Byvåpenet til Nizjnij Novgorod
Flagget til Nizjnij Novgorod Byvåpenet til Nizjnij Novgorod


Plassering
Nizjnij Novgorod is located in Russland
Nizjnij Novgorod is located in Nizjegorod oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Grunnlagd 1221
Borgarmeister Oleg Sorokin
Geografi
Flatevidd
 - By

411 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

1 278 300
  3 110,2 /km²
Koordinatar 56°20′″N 44°00′″EKoordinatar: 56°20′″N 44°00′″E
Høgd over havet 78 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 603xxx
Retningsnummer (tlf) +7 831
Bilnummer 52, 152
Nettstad: www.admgor.nnov.ru/

Nizjnij Novgorod (russisk:Ни́жний Но́вгород) er den fjerde største byen i Russland og hovudstaden i Nizjegorod oblast. Byen har i underkant av 1,4 millionar innbyggjarar. Han er eit viktig økonomisk og kulturelt senter i landet og eit trafikknutepunkt. Klimaet er eit typisk innlandsklima, med lange, kalde og snørike vintrar og stabilt, varmt sommarvêr.

Byen ligg 400 km aust for Moskva (i same tidssone), på elvebreidda der elvane Volga og Oka spring saman. Den vart grunnlagt i 1221 av fyrst Jurij Vsevolodovitsj av Vladimir. I 1932 gav Josef Stalin byen namnet Gorkij, etter den russiske forfattaren Maksim Gorkij, som vart fødd her i 1868. Byen fekk att det tidlegare namnet i 1991.

I sovjettida var byen forbode område for utlendingar av di det gjekk føre seg militær forsking og utvikling her. Fredsprisvinnar Andrej Sakharov vart forvist av dei sovjetiske styresmaktene til eksil i denne byen frå 1980 til 1986 av di han var høveleg med omsyn til å avgrense Sakharovs kontakt med omverda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som eit lite åsfort i tre av storfyrste Jurij II av Russland i 1221. Fortet låg der to av dei viktigaste elvane i fyrstedømet hans, Volga og Oka, rann saman. Namnet tyder «Nedre Nyby» og han fekk dette namnet for å skilje han frå den eldre Velikij Novgorod. Byen vart fleire gonger angripe av mognolane og eit stort forsøk vart utført av Inäzor Purgaz frå Arzamas i januar 1229, men vart slått tilbake. Då Juril II døydde 4. mars 1238 i slaget ved Sit okkuperte mongolane festninga og restane av den vesle Nizjnij Novgorod overgav seg utan motstand. Seinare vart Nizjnij Novgorod ei stor festning ved grensa og tok nytte av den naturlege vollgrava dei to elvane danna.

I lag med Moskva og Tver var Nizjnij Novgorod ein av fleire nygrunnlagde byar som slapp unna mongolane si øydelegging, men voks til store senter i eit vasallaktig russisk politisk liv under tatarane. Etter ein avgale med den mongolske khanen vart Nizjnij Novgorod innlemma i fyrstedømet Vladimir-Suzdal i 1264. Etter å ha eksistert i 86 år vart byen viktigare då setet til det mektige fyrstedømet Suzdal vart flytta hit frå Gorodets i 1350. Storfyrste Dmitrij Konstantinovitsj (1323-1383) ønskte å gjere hovudstaden sin like mektig som Moskva og bygde ei festning av stein og fleire kyrkjer. Han gav òg vern til historikarar og den tidlegaste bevarte delen av Nestorkrøniken, den laurentinske kodeksen, vart skrive for han av den lokale munken Laurentius i 1377.

Kuzma Minin ber folket i Nizjnij Novogorod om motstand mot polakkane.
Rozjestvenskaja-kyrkja, bygd av Stroganov-familien
Minin-plassen

Etter at byen vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva (1592), tok dei lokale fyrstane namnet Sjuiskij og slo seg ned i Moskva, der dei var framtredane i hoffet og ei kort stund hadde trona med Vasilij IV. Etter å ha vorte brend ned av den mektige krim-tatarske leiaren Edigu i 1408 vart Nizjnij Novgorod bygd opp att og av moskovittane hovudsakleg sett på som ein sterk skanse i krigane mot Kazan-khanatet. Den store kremlen av raud murstein er ein av dei sterkaste og best bevarte festningane i Russland og vart bygd i 1508–1511 under leiing av Peter italienaren. Festninga var sterk nok til å stå imot tatarske omleiringar i 1520 og 1536.

I 1612 klarte den såkalla nasjonale militsen, samla saman av den lokale kjøpmannen Kuzma Minin og kommandert av knjazen Dmitrij Pozjarskij, å kaste ut polske troppar frå Moskva og gjorde slik slutt på «Problemtida», og oppretta starten på Romanov-dynastiet. Hovudplassen føre kreml i byen vart kalla opp etter Minin og Pozjarskij, men vert lokalt berre kalla Minin-plassen. Leivningane av MInin er gravlagd i festninga.

Det neste hundreåret blømde byen kommersielt og Stroganov-familien, den rikaste kjøpmannsfamilien i Russland, nytta byen som base for verksemda si. Ein spesiell arkitektur og ein særeigen ikonstil, kalla Stroganovstilen utvikla seg her i overgangen til 1900-talet.

Denne bygningen husa tidlegare Den store russiske marknaden

I 1817 var Makarjev-marknaden ein av dei livlegaste i verda og vart flytta til Nizjnij Novgorod, der han byrja å trekke til seg millionar av vitjande kvart år. På midten av 1800-talet var byen etablert som handelshovudstad i Det russiske riket. Den første radiomottkaren og det første hyperboloide tårnet vart demonstrert ved Den allrussiske utstillinga i 1886, som vart halde i Nizjnij Novgorod. I følgje offisiell russisk statistiskk hadde byen 97 000 innbyggjarar i 1913.

Det største industriføretaket var Sormovo jernverk som hadde eit eige jernbanesamband til Moskva stasjon. Den private Moskva-Kazan-banen tente òg byen. Andre industriar utvikla seg gradvis og mot slutten av 1800-talet hadde byen vorte eit viktig industrisenter. Henry Ford hjelpte til med å få bygd ein stor lastebil- og traktorfabrikk (GAZ) seint i 1920-åra, og sendte ingeniørar og mekanikarar til byen, mellom anna den framtidige arbeidsleiaren Walter Reuther.

Sovjettida[endre | endre wikiteksten]

Sjukhovtårn nær Nizjnij Novogord i 1927–1929

Det var ingen bruer over Volga eller Oka i byen før Oktoberrevolusjonen i 1917. Bygginga av den første brua over Volga vart starta av Moskva-Kazan jernbaneselskap i 1914, men først bygd ferdig i sovjettida då jernbanen til Kotelnitsj opna i 1927.

Den kjende forfattaren Maksim Gorkij vart fødd i Nizjnij Novgorod i 1868 som Aleksej Maksimovitsj Pesjkov. I romanane sine skildrar han mellom anna realistisk det triste livet til proletariatet i byen, og vart på grunnlag av sine val av tema og sin ideologiske haldning ein viktig forfattar i Sovjetunionen, og vidgjeten utanfor grensene av unionen òg. Då han kom tilbake til Sovjetunionen i 1932 etter invitasjon frå Josef Stalin, fekk byen namnet Gorkij etter han. Barndomsheimen til Maxim Gorkij er teke vare på som museum.

Under det meste av sovjettida var byen lukka for utlendingar for å verne om den sovjetisk militære forskinga og produksjonen som gjekk føre seg her. Det fanst ikkje gatekart over byen til sals før på midten av 1970-talet; sjølv for ein sovjetisk by var dette uvanleg. Men byen var open for sovjetiske turistar som reiste opp og ned elva Volga på turistbåtar, og ein populær stoppestad for dei. Det var då byen vart «opna» att i 1990 at det vart vedteke å gje han det opphavlege namnet Nizjnij Novgorod i staden for Gorkij.

Kjende personar frå Nizjnij Novgorod[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nizjnij Novgorod