Nizjegorod oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nizjnij Novgorod oblast)

Nizjegorodskaja oblast
   

Flagg Våpen
Nizjegorod oblast på kartet over Russland
Hovudstad Nizjnij Novgorod
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 45.

76 900 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 10.

ca. 3 310 600[1] (2010)
ca. 43,1/km²

Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Volga-Vjatka
Regionsnummer 52
Offisielt språk Russisk
Guvernør Valerij Pavlinovitsj Sjantsev
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Nizjegorod oblast (russisk skrift Нижегородская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Nizjnij Novgorod, arealet er 76 900 km² og innbyggjartalet er 3 310 600 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nizjegorod oblast ligg midt i den europeiske delen av Russland, på begge sider av elva Volga. Nord for Volga er området flatt og skogkledd, sør for Volga når dei mordoviske høgdene 247 meter over havet. 40 % av territoriet er skogkledd, over 5 % er sump. Klimaet er kontinentalt, med lange, kalde vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen i januar er -12 grader celsius, i juli 19 grader celsius.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Grunnlaget for provinsen sin økonomi er tungindustri. Fleire viktige jernbanelinjer kryssar området, og det foregår båttrafikk på elvane Volga, Oka og Vetluga. Provinsen har ingen betydelige mineralressursar. 43 % av territoriet er jordbruksland.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjartalet i Nizjegorod oblast er sterkt minkande. Frå 1995 til 2004 sokk det med 6,8 %, frå 3 732 000 til 3 479 000. 78,2 % bur i byar. Russarar er i klart fleirtal, med 93,9 %. Den største etniske minoriteten(2010) er tatarar (1,3 %).[1]

Dei største byane er Nizjnij Novgorod (1 251 000), Dzerzjinsk (240 700) og Arzamas (106 400).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slavisk busetjing i området kan arkeologisk sporast tilbake til 1100-talet, før det budde her mellom anna mordvinarar og mariar. Området der elva Oka flyt saman med Volga hadde stor strategisk betydning, både militært og for handel. Russarar og volgabulgarar konkurrerte om kontroll her. I 1152 vart byen Gorodets ved Volga grunnlagt som ein befesta by. I 1164 vann fyrsten Andrej Bogoljubskij ein siger over volgabulgarane, og fekk kontroll over Oka sitt utløp i Volga. 1219-20 vart volgabulgarane tvinga til å søkja fred på harde vilkår med det russiske fyrstedømet Vladimir-Suzdal, og for å konsolidera kontrollen over området grunnla Vladimir-fyrsten Jurij Vsevolodovitsj i 1221 byen Nizjnij Novgorod der Oka flyt ut i Volga. Fyrstedømet Vladimir-Suzdal fekk dermed kontroll over handelen mellom Russland og nedre Volga og landa i aust. 1237/38 vart området herja av mongolarane. På 1300-talet oppstod eit uavhengig fyrstedøme Suzdal-Nizjnij Novgorod. Dette kom under styre frå Moskva i 1392.

Oka møter Volga i Nizjnij Novgorod

Under den russiske revolusjonen kom området under sovjetisk styre alt i oktober 1917. Under borgarkrigen vart det eit viktig industrielt senter for bolsjevikane, men her oppstod samstundes ei mengde forsøk på kontrarevolusjonære opprør blant bøndene. Under andre verdskrigen var området likeins eit viktig industrielt senter, i relativt trygg avstand frå fronten.

Nizjegorod kraj vart oppretta i 1929, og fekk status som oblast i 1936. I 1932 skifta provinsen, saman med byen Nizjnij Novgorod, namn til Gorkij. 22. oktober 1990 fekk han igjen sitt gamle namn. 33 Under den kalde krigen var byen Gorkij ein lukka by, der utlendingar eller folk som ikkje hadde viktige ærend ikkje hadde tilgjenge. Byen Sarov var under den kalde krigen overhovudet ikkje avmerkt på kart, her var senteret for utvikling av den sovjetiske atombomba.

Frå oppløysinga av Sovjetunionen er Nizjegorod oblast eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. 8. august 2005 vart Vladimir Putin sin kandidat Valerij Sjantsev, tidlegare viseborgarmeister i Moskva, stadfesta av parlamentet i Nizjegorod oblast som guvernør. Ved dei lokale parlamentsvala 13. mars 2006 vart Sameint Russland det største partiet, med Kommunistpartiet på andreplass.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nizjegorod oblast