Njervefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Njervefjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune. Han ligg hovudsakleg mellom Vestre Imsøy i aust og Nyresnes sør for Spangereid i vest. Fjorden har innløp ved Kjeholmen og Vigeskjeret i sør og strekker seg 2,5 km nordover til Høllen og Njerve, som han er kalla opp etter. Nord for Vestre Imsøy går det eit sund austover til Remasfjorden. På vestsida av Nyresnes ligg Kjerkevågen som går inn til Spangereid.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.