No-drama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei no-framsyning.

No (japansk 能, ) er ei klassisk japansk musikk-teaterform frå 1500-talet. No er eit messande drama, kjend for skodespelarane sine sakte, elegante og spartanske rørsler. I vestleg populærkultur er dramaet mest kjend for at skodespelarane nyttar masker som er målte i sterke fargar og etterliknar menneskeandlet med særs distinkte trekk.

Ofte har no vorte skrive om til «japansk opera», av di heile handlinga vert messa, men i motsetnad til i europeisk opera, involverer messesongen som driv handlinga framover i no ei avgrensa tonevidd med lange, gjentakande passasjar i eit smalt dynamisk register. Det er med andre ord ikkje melodien som ligg i sentrum for no-messinga.

Tekstane er poetiske, og er i stor grad bygd opp på liknande vis som dei mykje yngre haiku-dikta, som er kjende og skrivne over heile verda.

Inspirasjon og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Til liks med den nærliggjande kyogen-farsen har no utvikla seg frå ei blanding av eldre aristokratiske kunstformer, som til dømes dengaku, shirabyoshi og gagaku. Dramaet har i ettertid hatt stor innverknad i utviklinga av andre japanske dramaformer, som til dømes kabuki og butoh.

I løpet av Meiji-epoken vart no og kyogen rekna som to av dei tre nasjonale dramaformene i Japan.

Kan'ami og sonen Zeami vert gjeven æra for at no framstår i si noverande form.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Det nasjonale no-teatret i Tokyo i Japan.

No-dramaet er bygd opp kring fire faste roller eller rollegrupper som vert kalla Shitekata:

  • shite (hovudrolla)
  • tsure (partnaren til shiten)
  • jiutai (eit kor)
  • koken (scenehjelparar)

I tillegg kjem:

  • wakikata (ei slags birolle)
  • kyogenkata (som underheld i pausen)
  • hayashikata (musikarane)
Ei no-maske for ein kvinnefigur.

Sminke vert ikkje brukt, men dei fleste rollene blir spela med masker. Skodespelarane har dekorerte, stoffrike silkedrakter. Spelet er ikkje naturalistisk, men stilisert og tufta på konvensjonar. Ei rørsle kan vera eit innarbeidd symbol eller eit estetisk uttrykk for kjenslene til rollefiguren.

No vert spela på ei firkanta scene med eit måla nåletre på atterveggen som einaste dekorasjon. All trafikk til og frå scena skjer over ei bru i det bakre venstre hjørnet. Scena har skråtak som ligg på berebjelkar. Opphavleg stod desse scenene ute, og dei ber framleis preg av å vera byggverk flytta innomhus.