No Jacket Required

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
No Jacket Required
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 25. januar 1985
Innspelt May til desember 1984
Sjanger Pop, rock
Lengd 50:27
Selskap Virgin (UK og Irland)

Atlantic (USA og Canada) WEA (Resten av verda)

Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Kritikk
Phil Collins-kronologi
Hello, I Must Be Going!
(1982)
No Jacket Required 12"ers
(1987)

No Jacket Required er det tredje soloalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det kom ut 25. januar 1985. Albumet er kalla opp etter ei hending i The Pump Room i Chicago, der Collins vart nekta adgang på grunn av kleda sine. Med på No Jacket Required er fleire gjestevokalistar som Helen Terry, Peter Gabriel og Sting. Somme av songane, som «Don't Lose My Number» og «Sussudio», var baserte på improvisasjon. Andre songar, som «Long Long Way to Go», hadde ei politisk melding. «One More Night», «Sussudio», «Don't Lose My Number» og «Take Me Home» vart gjevne ut som singlar og det vart laga musikkvideo til alle. Alle fire singlane gjekk inn på Topp 10 på singellista Billboard Hot 100 og både «Sussudio» og «One More Night» gjekk heilt til topps. Dei tre singlane som vart gjevne ut i Storbritannia nådde alle Topp 20 på singellista.

Albumet fekk stort sett gode meldingar og fekk ein Grammy Award for årets album i 1985. Stephen Holden frå The New York Times sa at Collins «på stille vis revolusjonerte og utvida rolla til trommene i popmusikken». Rolling Stone-journalist David Fricke sa «Som med platene frå '81 og '82, Face Value og Hello, I Must Be Going!, er ikkje No Jacket Required eit album som ligg å ventar på å bli likt». No Jacket Required vart det mestseljande albumet til Collins og gjekk til topps på salslistene i fleire land, mellom anna USA (der det låg på toppen i sju veker), Storbritannia og Canada. Albumet selde til diamantplate i USA og selde over to millionar eksemplar i Storbritannia med 6× platina. Verda over har det seld over 20 millionar eksemplar.

Mange av songane, inkludert «Take Me Home» og «Long Long Way to Go», har vorte nytta i episodar av Miami Vice og Cold Case, og «The Man with the Horn» vart skriven om og spelt inn att for episoden «Phil the Shill». «We Said Hello Goodbye» vart spelt inn på ny for filmen Playing for Keeps.

Etter at albumet kom ut la Collins ut på ein suksessrik verdsturné. Mot slutten av turneen fekk Collins mykje ros for framføringa si både i London og Philadelphia under Live Aid den 13. juli 1985. Under turneen spelte Collins inn ein song med Marilyn Martin for filmen White Nights, kalla «Separate Lives», som gjekk til topps i USA. Remiksar av seks av songane på albumet vart sidan gjeve ut på samlinga 12"ers.

Ved Grammy Award i 1985 var Collins nominert til fem prisar.[2] Han vann prisen får årets album og beste mannlege vokalist.[3] I tillegg delte Collins årets produsent med Hugh Padgham.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Sussudio»   4:23
2. «Only You Know and I Know» (tekst: Collins, musikk: Daryl Stuermer) 4:20
3. «Long Long Way to Go»   4:20
4. «I Don't Wanna Know» (tekst: Collins, musikk: Stuermer) 4:12
5. «One More Night»   4:47
6. «Don't Lose My Number»   4:46
7. «Who Said I Would»   4:01
8. «Doesn't Anybody Stay Together Anymore» (tekst: Collins, musikk: Stuermer) 4:18
9. «Inside Out»   5:14
10. «Take Me Home»   5:51
11. «We Said Hello Goodbye»   4:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[5]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Lister
UK

[6]

US

[7]

CAN

[8][7]

AUS

[9][10]

NZ

[11]

GER

[12]

AUT

[13]

NOR

[14]

SWE

[15]

SWI

[16]

1985 1 1 1 1 1 1 11 1 1 1
«—» tyder at albumet ikkje gjekk inn på lista.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Lister
UK

[6]

US

[17]

US A.C.

[17]

US Rock

[17]

CAN

[7][8]

AUS

[9][10]

NZ

[11]

GER

[18]

NL Top 100

[19]

NL Top 40

[20]

AUT

[13]

FRA

[21]

IRE

[22]

NOR

[14]

SWE

[15]

SWI

[16]

1984 «One More Night» 4 1 1 4 1 2 5 10 8 15 6 24 4 6
1985 «Sussudio» 12 1 30 10 10 8 27 17 12 3 14 6 13 9
«Don't Lose My Number» 4 25 33 11 10 22 44
«Inside Out» 9
«Take Me Home» 19 7 2 12 23 64 13
«—» syner til at singelen ikkje gjekk inn på lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Christgau Review
  2. Robins, Wayne (Mal:Start date). «Knopfler Nominated for 8 Grammys». Newsday. 
  3. «allmusic ((( No Jacket Required > Charts & Awards > GRAMMY Awards )))». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r4333/charts-awards/grammy. Henta Mal:Start date. 
  4. Robins, Wayne (Mal:Start date). «'We Are the World' Is Song of the Year». Newsday. 
  5. «Phil Collins – No Jacket Required tracks and credit». Philcollins.co.uk. Arkivert frå originalen den 3. juli 2008. http://web.archive.org/web/20080703063309/http://www.philcollins.co.uk/jacket1a.htm. Henta 19 September 2008. 
  6. 6,0 6,1 «UK Charts > Phil Collins». Official Charts Company. http://www.theofficialcharts.com/artist/_/phil%20collins/. Henta 6. februar 2013. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Macrovision. http://www.allmusic.com/artist/p3942/charts-awards. Henta 6. februar 2013. 
  8. 8,0 8,1 «RPM Magazine Archives > Top Albums > Phil Collins». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-110.01-e.php?PHPSESSID=v2a76h62to0aart05gg0u3agj2&q1=phil+collins&q2=Top+Albums%2FCDs&interval=50. Henta 5 April 2010. 
  9. 9,0 9,1 «Australian Charts > Phil Collins». australian-charts.com Hung Medien. http://australian-charts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  10. 10,0 10,1 Kent, David (1993) (doc). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. 11,0 11,1 «charts.org.nz – Discography Phil Collins». charts.org.nz Hung Medien. http://charts.org.nz/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  12. «Chartverfolgung / Collins, Phil / Longplay». musicline.de PhonoNet. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/COLLINS%2C+PHIL/?type=longplay. Henta 1 September 2009. 
  13. 13,0 13,1 «Austrian Charts > Phil Collins». austriancharts.at Hung Medien. http://www.austriancharts.at/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  14. 14,0 14,1 «Norwegian Charts > Phil Collins». norwegiancharts.com Hung Medien. http://norwegiancharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 1 September 2009. 
  15. 15,0 15,1 «Swedish Charts > Phil Collins». swedishcharts.com Hung Medien. http://www.swedishcharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  16. 16,0 16,1 «Swiss Charts > Phil Collins». swisscharts.com Hung Medien. http://www.swisscharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  17. 17,0 17,1 17,2 [albums «Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Singles»]. Allmusic. Macrovision. albums. Henta 6. februar 2013. 
  18. «Chartvefolgung / Collins, Phil / Single». musicline.de PhonoNet. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/COLLINS%2C+PHIL/?type=single. Henta 2 September 2009. 
  19. «Dutch Charts > Phil Collins». dutchcharts.nl Hung Medien. http://dutchcharts.nl/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  20. «Nederland > Phil Collins» (på Dutch). Stichting Nederlandse Top 40. http://www.top40.nl/search.aspx?keyword=phil%20collins. Henta 29 April 2010. 
  21. «Les Charts > Phil Collins». lescharts.com Hung Medien. http://lescharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 6. februar 2013. 
  22. «Irish Charts > Phil Collins». irishcharts.ie. http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta 1 September 2009.