No Security

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
No Security
Konsertalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 2. november 1998
Innspelt 25. oktober 1997 -
12. desember 1997 -
6. juli 1998
Sjanger Rock
Lengd 67:50
Selskap Virgin
Produsent The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Bridges to Babylon
(1997)
No Security Live Licks
(2004)

No Security er eit konsertalbum av The Rolling Stones frå 1998. Albumet er spelt inn under Bridges to Babylon-turneen deira i 1997 og 1998, og er det sjette offisielle konsertalbumet deira.

På grunn av faren ved å velje dei same songane som hadde komeut på "Still Life" (American Concert 1981) og Flashpoint valde The Stones nøye ut songa som anten ikkje hadde vorte gjeven ut live før, eller som ikkje hadde vore på eit konsertalbum på lang tid. Av store hittar finst «The Last Time», «Respectable» og «Waiting On a Friend», samt albumspor som «Gimme Shelter», «Sister Morphine» og «Memory Motel». I tillegg finst fire spor frå det nye albumet Bridges to Babylon, med gjestartistar som Taj Mahal og Dave Matthews.

Albumet kom ut i november 1998 og for å reklamere for albumet, la bandet ut på ein ny turne.

No Security nådde 67. plass på den britiske albumlista, og 34. plass i USA. I Noreg nådde albumet 19. plass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Intro»   0:50
2. «You Got Me Rocking»   3:26
3. «Gimme Shelter»   6:12
4. «Flip the Switch»   4:12
5. «Memory Motel» (med Dave Matthews på vokal) 5:52
6. «Corinna» (skriven av Taj Mahal og Jesse Ed Davis. Med Taj Mahal på vokal) 3:56
7. «Saint of Me»   5:18
8. «Waiting on a Friend»   4:52
9. «Sister Morphine»   6:05
10. «Live with Me»   3:55
11. «Respectable»   3:20
12. «Thief in the Night» (Jagger/Richards/Pierre de Beauport - med dottera til Ronnie Wood, Leah, på korvokal) 5:37
13. «The Last Time»   4:19
14. «Out of Control»   7:59

Japansk bonusspor[endre | endre wikiteksten]

Opptak frå Amsterdam Arena 1. juli 1998

# Tittel Lengd
15. «I Just Want to Make Love to You» (Willie Dixon) 5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]