No Son of Mine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
No Son of Mine
Singel av Genesis
frå albumet We Can't Dance
B-side «Living Forever»
Utgjeve 31. oktober 1991
Innspelt The Farm i Surrey, 1991
Sjanger Rock
Lengd 5:46 (radio)
6:39 (album)
Selskap Atlantic, Virgin
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Nick Davis, Robert Colby
Genesis-kronologi
«Tonight, Tonight, Tonight»
(1987)
No Son of Mine «I Can't Dance»
(1991)

«No Son of Mine» er ein song av det britiske rockebandet Genesis frå albumet deira We Can't Dance i 1991. Det vart den første singelen som vart gjeven ut frå albumet og nådde sjetteplassen i UK og 12. plass i USA. I tillegg nådde han Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna ein fjerdeplass i Noreg.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel soga om ein gut som rømmer heimefrå på grunn av mishandling i heimen, men vel å kome heim att og blir då kraftig irettesett av faren. Phil Collins har sagt at han skreiv teksten slik at det skulle vere uklårt om det var forteljaren eller mora som var offer for mishandlinga.

Videoen for songen er melankolsk og filma i sepiafarge. Videoen syner i røynda det teksten fortel, som er ein samtale mellom ein son og faren. Etter kvart ser ein snøflak som fyk vilt inne i huset, før ein etter kvart for sjå at heile scenen finn stad i ei snøkule som sonen held.

Songen har ein særeigen lyd i introduksjonen og andre stader i songen. Denne lyden vart av bandet kalla «elephantus» og vart skapt av Tony Banks då han tok opp lyden av gitaren til Mike Rutherford med ein sampler og så spelte av lyden i eit mykje lågare register. Arbeidstittelen på «No Son of Mine» var «Elephantus».[1]

Den kortare radioversjonen tonar ut songen i avslutninga, i tillegg til at delar av det andre refrenget er korta ned.

B-sida til singelen var «Living Forever» frå albumet.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt under alle turneane til bandet frå 1991 til 2007. Songen vart på Calling All Stations-turneen nytta som opningsnummer på dei fleste konsertane.

Konsertopptak av songen finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, samt DVDane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

Songaren som tok over etter Phil Collins i Genesis, Ray Wilson heldt fram å spele songen solo etter at han slutta i Genesis, men då akustisk.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD maxi
  1. «No Son of Mine» — 6:42
  2. «Living Forever» — 5:40
  3. «Invisible Touch» (live) — 5:00
7" single
  1. «No Son of Mine» — 6:36
  2. «Living Forever» (5:38)
Kassett
  1. «No Son of Mine» — 6:36
  2. «Living Forever» — 5:38
12" maxi
  1. «No Son of Mine» — 6:42
  2. «Living Forever» — 5:40
  3. «Invisible Touch» (live) — 5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991/92) Plassering
Australia[2] 29
Austerrike[2] 7
Canada 1
Nederland[3] 8
Frankrike[2] 13
Tyskland[4] 3
Irland[5] 5
Noreg[2] 4
Sverige[2] 13
Sveits[2] 8
Storbritannia[6] 6
USA Billboard Hot 100[7] 12
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[7] 8
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[7] 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Collins, Phil; Banks, Tony; Rutherford, Mike; Gabriel, Peter; Hackett, Steve (2007). Genesis: Chapter & Verse. Macmillan. s. 331. ISBN 0-312-37956-0, 9780312379568. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 "No Son of Mine», in various singles charts Lescharts.com (Henta 21. oktober 2012)
  3. «Single top 100 over 1991» (på nederlandsk) (pdf). Top40. http://www.top40.nl/pdf/Top%20100/top%20100%20-%201991.pdf. Henta 13 April 2010. 
  4. Tyskland Charts-surfer.de (Henta 21. oktober 2012)
  5. Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 21. oktober 2012)
  6. Storbritannia Chartstats.com (Henta 21. oktober 2012)
  7. 7,0 7,1 7,2 Billboard Allmusic.com (Henta September 3, 2008)