Nobels Fredssenter

Koordinatar: 59°54′55.004″N 10°43′49.991″E / 59.91527889°N 10.73055306°E / 59.91527889; 10.73055306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′55.004″N 10°43′49.991″E / 59.91527889°N 10.73055306°E / 59.91527889; 10.73055306

Nobels Fredssenter

ArkitektDavid Adjaye
Opna2005
Kart
Nobels Fredssenter
59°54′42″N 10°43′49″E / 59.91161°N 10.73023°E / 59.91161; 10.73023

Nobels Fredssenter er ei norsk stifting som vart skipa av Stortinget i 2000. Den Norske Nobelkomite vel styret i stiftinga.

Ved utstillingar, førelesningar, konferansar og andre aktivitetar for born og vaksne skal fredssenteret informere om Alfred Nobel og fredsprisen han innstifta, om dei som har fått fredsprisen, og om aktuelle konfliktar og den internasjonal innsatsen som vert gjort for å trygge freden.

Senteret har tilhald i den verneverdige stasjonsbygningen på den nedlagde Vestbanestasjonen i Oslo, den tidlegare endestasjonen for Drammensbanen i nærleiken av Rådhuset. Det vart opna av Kong Harald V 11. juni 2005, og då opningsseremonien inngjekk i det offisielle programmet for å markere at det var hundre år sidan unionsoppløysinga mellom Sverige og Noreg vart gjennomført, var både dei svenske og norske kongepara til stades.

Nobels Fredssenter i nærleiken av Rådhuset i Oslo.
Foto: David Castor

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nobels Fredssenter