Noel Redding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noel Redding

Noel Redding in 1967
Fødd25. desember 1945
Folkestone i Kent i England
FødestadFolkestone
Død11. mai 2003 (57 år)
Clonakilty i County Cork i Irland
DødsstadClonakilty
FødenamnDavid Noel Redding
OpphavStorbritannia
Aktiv1966–2003
SjangerRock, psykedelisk rock, hardrock, folkrock, bluesrock
InstrumentBassgitar, gitar, vokal
Kjende instrumentFender Jazz Bass
Tilknytte artistarThe Jimi Hendrix Experience
Fat Mattress
Road
The Noel Redding Band
Verka sombassist, songar-låtskrivar, gitarist, forretningsdrivande, musikkprodusent, talent manager

David Noel Redding (25. desember 194511. mai 2003) var ein engelsk rockegitarist, mest kjend som bassist i The Jimi Hendrix Experience.

Noel vart vald ut til å spele i bandet til Hendrix i 1966, og dei spelte i lag fram til han forlet bandet i 1969. Sjølv om han spelte i andre band før og etter Hendrix døydde, oppnådde han aldri like stor suksess som han gjorde med Hendrix. Han trekte seg attende til Irland i 1972.

Redding spelte ei stund med Neil Landon, før han vart med i the Jimi Hendrix Experience. Den siste konserten hans med bandet var i juni 1969.[1] Med bandet spelte han på dei tre viktige albuma Are You Experienced, Axis: Bold as Love og Electric Ladyland, samt at han spelte med Hendrix på fleire av dei mest kjende konsertane hans.

I 1968, før han forlet the Jimi Hendrix Experience danna Redding gruppa Fat Mattress med Neil Landon på vokal, Jim Leverton og Eric Dillon, på trommer. Seinare spelte Martin Barre ei kort stund i bandet før han vart med i Jethro Tull. Bandet gav ut to album før dei gav seg i 1970.[2]

Det vart gjort eit forsøk på å gjenforeine the Jimi Hendrix Experience i 1970, men det vart aldri noko av for Redding sin del. Han flytte til Los Angeles Redding der han vert med i bandet Road,[3] . Dei gav ut eitt album, Road (1972).

Noel Redding flytta til Irland i 1972. Han danna The Noel Redding Band med Eric Bell frå Thin Lizzy, Dave Clarke, Les Sampson og Robbie Walsh. Dei gav ut to album for RCA, men vart oppløyst etter ein krangel med managementet.

Redding vart tvungen til å seie frå seg alle honorar frå innspelingane med Hendrix i 1974 og vart fortalt at platene til Hendrix ikkje kom til å bli gjeve ut på ny i framtida. Dette var før CDar og DVDar kom på marknaden, og Redding gjekk glipp av store inntekter. Heilt fram til han døydde planla Redding søksmål mot Hendrix for å dei tapte inntektene.[4]

Noel Redding spelte og turnere sporadisk gjennom åra, stundom for andre artistar som Thin Lizzy og Traffic. Han spelte med rockebandet Phish i 1993. Han danna òg Shut Up Frank i lag med Dave Clarke, Mick Avory frå The Kinks og Dave Rowberry frå The Animals. Dei turnerte mykje og spelte inn fleire album.

Redding døydde i heimen sin den 11. mai 2003.[5]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den kreative basspelinga til Redding har påverka mange andre kjende bassistar, som Billy Sheehan, Geddy Lee frå Rush, Geezer Butler frå Black Sabbath og Flea frå Red Hot Chili Peppers[1].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med The Loving Kind
  • «Accidental Love»(Piccadilly 7N 35299) 1966.
  • «I Love The Things You Do» (Piccadilly 7N 35318) 1966.
  • «Ain't That Peculiar» (Piccadilly 7N 35342) 1966.
Med The Jimi Hendrix Experience
Med Fat Mattress
Med Road
  • Road (1972) Natural Resources
Med Noel Redding Band (òg kalla The Clonakilty Cowboys)
  • Clonakilty Cowboys (1975) RCA.
  • Blowin (1976) RCA.
Med Lord Sutch and Heavy Friends
  • Lord Sutch and Heavy Friends (1970) Atlantic.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Noel Redding biodata
  2. Unterberger, Richie. «Fat Mattress Biography at». Allmusic.com. Henta 15. mars 2011. 
  3. «Allmusic.com». Allmusic.com. Henta 15. mars 2011. 
  4. «Row over Hendrix royalties». BBC News. 28. februar 2003. Henta 15. mars 2011. 
  5. «Hendrix bassist dies». BBC News. 13. mai 2003. Henta 15. mars 2011.