Nogent-sur-Marne

Koordinatar: 48°50′N 02°29′E / 48.833°N 2.483°E / 48.833; 2.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nogent-sur-Marne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-de-Marne
Geografi
Flatevidd 2,8 km²
Flatevidd
 - By

2,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

30 200
  10 786/km²
Koordinatar 48°50′N 02°29′E / 48.833°N 2.483°E / 48.833; 2.483
Høgd over havet 73 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 94130
Heimeside: www.ville-nogentsurmarne.fr

L'Haÿ-les-Roses er ein kommune i dei austlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 10,6 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Val-de-Marne. Han er ein av kommunane i Europa med høgaste folketettleik.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen kan ha fleire mogelege opphav:

Novigentum , «det nye folket», t.d. fangar som vart ført her av den romerske hæren.
Nov. indikerer feit eller gjennomblaut jord.
Novientum tilsvarar det galliske namnet Villeneuve i mellomalderen.

I mellomalderen vart det bygd fleire slott her. Le Chateau de Plaisance vart bygd på 1200-talet og husa Karl V og Jeanne de Bourbon i 1375. Dei einaste spora etter dette er eit hus som i dag er eit privat sjukehus, 30 rue de Plaisance, i tillegg til botn av muren rundt hagane. Le Chateau de Beauté sur Marne frå 1300-talet var òg kongeleg residens, men Kardinal Richelieu øydela det i 1626.

På 1100-talet var det stort sett berre vindyrkarar som budde i dette landlege området, men på denne tida oppdaga mellomklassen den sjarmerande landsbygda å byrja og slå seg ned i Nogent. Antoine Watteau budde i Hr. Lefevre sitt hus og døydde der i 1721.

Då det vart bygd to jernbanelinjer, Paris-Mulhouse og Bastille-La Varenne i 1850-åra, auka folketalet. Viadukten, bygd av auvergnatar og belgiarar vart øydelagd 15. september 1870, men italienarar bygde han opp att og danna eit italiensk samfunn her.

Kommunen Le Perreux sur Marne oppstod etter 10 års kamp i 1887 etter å ha vore isolert sidan 1854 då viadukten langs Paris-Mulhouse-linja vart konstruert. Meir enn halvparten av området til Nogent-sur-Marne vart fråskild og vart ein del av kommunen Le Perreux-sur-Marne.

I 1929 mista kommunen Nogent-sur-Marne ein liten del av området sitt då byen Paris annekterte Bois de Vincennes, der den austlegaste delen høyrte til Nogent-sur-Marne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]