Noguera Pallaresa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noguera Pallaresa
Camarasareservoaret i Noguera Pallaresa
Camarasareservoaret i Noguera Pallaresa
Utspring Naut Aran
- Høgd 1860 moh
Munning Segre
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 154 km
Middelvassføring 37,1 m³/s

Noguera Pallaresa er ei elv i Catalonia i Spania. Ho har utspring ved Era Font d'era Noguereta i kommunen Naut Aran (Arandalen) om lag 1860 meter over havet, og berre nokre hundre meter frå kjelda til Garonne. Medan Garonne renn mot Atlanterhavet, renn Noguera Pallaresa mot Segre og munnar ut i denne elva frå høgre like før Camarasareservoaret (Noguera), og hamnar til slutt i Middelhavet. Noguera Pallaresa er demd opp fleire plassar, mellom anna Talarndammen og dei største reservoara er La Torassa (mellom Esterri d'Àneu og La Guingueta d'Àneu i Pallars Sobirà), Sant Antoni (oppfor Talarn i Pallars Jussà), Terradets (i kommunen Àger i Noguera) og Camarasa (like før samløpet med Segre).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°15′29″N 0°58′53″E