Nokia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nokias hovudkontor i Espoo i Finland.

Nokia Oyj (Aksjeselskapet Nokia) er ei verksemd med hovudkontor i Espoo i Finland og fabrikkar og kontor i mange land. Verksemda utviklar og produserer telekommunikasjonsutstyrt, framfor alt mobiltelefonar.

Opphavleg var Nokia storprodusent av gummistøvlar, bil- og motorsykkeldekk og prosesskontrollutstyr for papirfabrikkar, men har seinare konsentrert seg heilt om mobiltelefonar etter å ha fått innpass på denne marknaden på 1980-talet. I 1991 markerte Nokia seg ved å lansere GSM (groupe spécial mobile), eit digitalt mobiltelefonsystem, ved å ringe i Helsinki den aller fyrste GSM-samtalen i verda.

Verksemda Nokia hadde si spede byrjing med eit tresliperi som vart oppretta i Tampere i 1865 av industriherren Fredrik Idestam. I 1869 flytta Idestam denne verksemda til staden Nokia og utvida til ein papirfabrikk, som vart ein av pionerverksemdene i industrialiseringa av Finland. I 1898 vart verksemda Finska Gummi AB skipa, og i 1912 Finska kabel AB, som seinare òg vart flytta til Nokia, og saman med papirfabrikken kom dei til å dominere denne vesle plassen. Finska Gummi produserte dekk for bilar og syklar, og gummifottøy som støvlar og kalosjar. Allereie i 1937 vart spørsmålet om å slå saman desse verksemdene teke opp for fyrste gong, men samanslåinga skjedde ikkje før tretti år seinare.