Non

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den tidlegare eksamenskarakteren, sjå karakteren non.

Non er eit tidspunkt og ei nemning på eit mål ein et på ettermiddagen, tradisjonelt klokka tre eller noko seinare (på den niande timen av dagen). Måltidet blir også kalla nonsmat. Det norrøne ordet nón kjem frå latin nona (hora) som tyder 'den niande (timen)', der ein byrja teljinga frå klokka seks om morgonen. Non er òg namnet på ei tidebøn som vert framført på ettermiddagen.

Tradisjonell nonsmat er gjerne tørrmat, men om det høvde for årstida, kunne det òg verte koka til nons. Nonen høyrer til den skandinaviske bygdekulturen, og til eit liv med tungt kroppsarbeid og stort matinntak. I det moderne kosthaldet er det ikkje trong for nonen, eller vi kan seie han er fallen inn under middagen.

Tidspuntet har gitt namn til mange fjell og åsar, som Nonsfjellet. Namnet kan komme av at dei namngjevande gardane har sola over dette fjellet ved nonstider.

Nemninga noonengelsk vert i dag bruka om eit tidlegare tidspunkt, klokka 12 midt på dagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Svare (1973): Frå gamal tid - tru og tradisjon i Vefsn Bygdebok, særbind II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Svare (1973): Frå gamal tid - tru og tradisjon i Vefsn Bygdebok, særbind II.

«non – tidspunkt» i Store norske leksikon, snl.no.