Nonnenwerth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nonnenwert ligg i elva Rhinen

Nonnenwerth er ei øy nær Bad Honnef i Rhinen i Tyskland. Ho er administrativt del av Remagen i Rheinland-Pfalz.

Klosteret[endre | endre wikiteksten]

Øya er hovudsakleg kjend for benediktinarnonnklosteret, og seinare fransiskanarklosteret, som låg her.

Første grunnleggjing[endre | endre wikiteksten]

I 1126 vart det grunnlagd eit nonnekloster med benediktinarar her av erkebiskopen av Köln, Fredrik I, og abbed Kuno av Siegburg. I 1465 vart det med i reformrørsla Bursfeldekongregasjonen, men vart nesten heilt øydelagd i 1477 under kampar mot Burgund. Det vart òg hardt råka av svenske troppar i 1632 under trettiårskrigen.

I 1773 vart klosteret øydelagd av brann og bygd opp att i barokkstil. I 1802 vart nonneklosteret lagt ned som del av sekulariseringa av kyrkjelege eigedomar. I 1821 vart eigedomen seld på auksjon og nytta som eit gjestgiveri. Dette vart vitja av Franz Liszt, som komponerte stykket «Die Zelle in Nonnenwerth» om det.

Andre grunnleggjing[endre | endre wikiteksten]

I 1854 vart bygningane kjøpt av fransiskanarar, som starta eit nytt kloster her. Under den første verdskrigen byrja nonnene å undervise jenter, og ein skule vart snart oppretta. Denne er framleis aktiv.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 50°38′N 7°13′E