Noor-Eesti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinneportrett, oljemåleri av Konrad Mägi

Noor-Eesti («Det unge Estland»[1]) var ei estisk modernistisk litterær gruppe som vart grunnlagd i 1905 og var mest framtredande i 1910-åra. Noor-Eesti er fyrst og fremst kjend som ei forfattargruppe, men fleire biletkunstnarar var også knytte til gruppa.

Noor-Eesti må ikkje forvekslast med Noor Eesti, ei progressivt estisk rockegruppe frå 1970-talet.

Noor-Eesti og litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Noor Eesti var leidd av poeten Gustav Suits (1883–1956) og novelleforfattaren Friedebert Tuglas (1886–1971). Aino Kallas (1878–1956), Jaan Oks (1884–1918), August Alle (1890–1952), Villem Grünthal-Ridala (1885–1942), Anton Hansen Tammsaare (1878–1940), Ernst Enno (1875–1943), Johannes Aavik (1880–1973) og kritikaren Bernhard Linde (1886–1954) var andre medlemmer. Noor-Eesti var pionerar innan modernistisk litteratur i Estland. Gruppa vende seg mellom anna mot den, etter deira syn, upersonlege og formelle realismen som eldre estiske forfattarar som Eduard Vilde stod for, og dei har vorte kalla nyromantikarar. Gustav Suits formulerte ideologien til Noor-Eesti slik:

«Slagordet vårt er: Meir kultur! Meir europeisk kultur! Lat oss halde fram med å vere estarar, men lat oss verte europearar òg. Både vil vi oppdage dei tankane og formene som fell naturlege for folket vårt, i tillegg til at vi vil ta opp den europeiske kulturen.»[2]

Den estiske gruppa følgde trendane i finsk, fransk, tysk, skandinavisk og italiensk litteratur og lét seg inspirere av impresjonismen, symbolismen og ekspresjonismen. I samtida hennar vart gruppa kritisert for å vere for utanlandsorientert og for å ha eit ovanfrå og ned-syn på den estiske kulturen. I ettertid har det også vorte påpeikt at den europeiske innverknaden på estisk litteratur også var til stades før Noor-Eesti. Men likevel var gruppa viktig, fordi ho introduserte det estiske folket for europeisk litteratur frå andre språkområde enn det tyske, som til då hadde hatt ein dominerande innverknad på den estiske litteraturen.[3]. Ved 1905-revolusjonen vart medlemmene spreidde og fleire av dei gjekk i eksil. Tuglas flykta til Helsingfors, medan Aavik og Suits fór til Sverige.

Noor-Eesti fungerte også som eit forlag og gav ut fem Unge Estland-antologiar mellom 1905 og 1915.

Noor-Eesti og kunsten[endre | endre wikiteksten]

Kristjan Raud på den estiske 1-kroonssetelen

Ein del biletkunstnarar var også knytte til gruppa, som Anton Starkopf (1889–1966), Nikolai Triik (1884–1940), Konrad Mägi (1878–1925), Kristjan Raud (1865–1943) og kunstnaren og forfattaren Aleksander Tassa (1882–1955). Starkopf, Mägi, Triik, Tassa og eit par av forfattarane, som Friedebert Tuglas, treftest nokre gonger på sommarstid i ÖnningebyÅland i perioden 1906–1913, ein periode som delvis fell saman med den tida då Önningebykolonin, ein finsk-svensk kunstnarkoloni leidd av Victor Westerholm fanst i den same byen, dvs. 1886–1914. Verka til kunstnarane i Noor-Eesti og Önningebykolonin har difor vorte stilte ut saman i dei seinare åra.[4]

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopædia Brittanica om Noor-Eesti
  2. Frå W. K. Matthews, The Background and Poetry of Gustav Suits. A Study in Estonian Symbolism, American Slavic and East European Review, Vol. 9, Nr. 2. (Apr., 1950), s. 118.
  3. www.elm.einst.ee. Estonian Literary Magazine våren 2003; Gustav Suits av Ele Süvalep., arkivert frå originalen 29. september 2008, henta 15. april 2009 
  4. Artikkel frå avisa Nya Åland frå 29. desember 2005 Arkivert 2012-05-25 ved Archive.is.