Noorderhaaks

Koordinatar: 52°58′30″N 4°40′50″E / 52.97500°N 4.68056°E / 52.97500; 4.68056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noorderhaaks til venstre på bilete

Noorderhaaks, òg kalla Razende bol, er ein sandbanke i Nordsjøen i Nederland, eit par kilometer vest for Marsdiep mellom øya Texel og fastlandet ved Noord-Holland. Sandbanken har eit areal på om lag 5 km², men det nøyaktige arealet varierer på grunn av tidvatnet og dei dynamiske eigenskapane til slike sandbankar.

Øya er relativt urørt av menneske og fleire sjøfuglar og selar held til her.

Sandbanken flyttar seg sakte austover mot Marsdiep og Molengat med ein fart på om lag 100 meter i året.

Sandbanken vert ofte vtija av dagsturistar og som treningsstad for den nederlandske marinen og luftvåpenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°58′30″N 4°40′50″E / 52.97500°N 4.68056°E / 52.97500; 4.68056