Nor Loch
Nor Loch, òg kjend som Nor' Loch og North Loch, var ein innsjø som tidlegare låg i Edinburgh i Skottland, i området der Princes Street Gardens ligg i dag, om lag mellom Royal Mile og Princes Street.
Historie [endre]
Nor Loch var opphavleg ei myr og ein del av det naturlege forsvaret rundt Edinburgh Old Town. Fordi gamlebyen var bygd på ein bratt rygg (som er godt synleg i dag), utvida han seg frå aust til vest, og Nor Loch hindra byen i å vekse.
I 1460 gav kong Jakob III av Skottland ordre om å fylle Nor Loch med vatn for å styrke forsvaret av borga.[1] Innsjøen skal aldri ha vore særskild djup.
Etter kvart som gamlebyen vart meir folkesett under mellomalderen, Nor Loch vart forureinina med klokakk og avfall frå byen. I 1759 vart innsjøen drenert og vart ein del av Princes Street Gardens, men området har ofte vorte utsett for flaum.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nor Loch» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Nor' Loch». Edinburgh-Royalmile.com. http://www.edinburgh-royalmile.com/history/nor-loch.html. Henta 3. september 2010.