Norbert Wiener
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Norbert Wiener | |
| Fødd | 26. november 1894 Columbia i Missouri, USA |
|---|---|
| Død | 18. mars 1964 (69 år) Stockholm, Sweden |
| Nasjonalitet | amerikansk |
| Område | Matematikk Kybernetikk |
| Institusjonar | Massachusetts Institute of Technology |
| Alma mater | Tufts College BA 1909 Harvard University PhD 1912 |
| Doktorgradsrettleiar | Karl Schmidt Josiah Royce |
| Doktorgradsstudentar | Amar Bose Colin Cherry Shikao Ikehara Norman Levinson |
Norbert Wiener (26. november 1894–18. mars 1964) var ein amerikansk matematikar. Wiener gjorde mange viktige bidrag innanfor rein og anvendt matematikk, særleg innan fourieranalyse og brownske rørsler. Mest kjent er han likevel som skaparen av disiplinen kybernetikk. Av dei viktigaste bøkene hans er The Fourier Integral (1933), Cybernetics (1948) og dei to sjølvbiografiske bøkene Ex-Prodigy, my Childhood and Youth (1953), I am a Mathematician (1956) og God and Golem (1963).