Nord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aurora borealis, nordlyset, er eit nordleg fenomen.

Nord er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og vert som oftast forkorta med N. Ho er motsett av sør og har rette vinklar til aust og vest. Nord vert i vestleg kultur sett på som hovudretninga og brukt, eksplisitt eller implisitt, til å definere alle andre retningar.

Rett nord er rekna som retninga mot den nordlege enden av aksen som jorda roterer rundt, kalla Nordpolen eller den geografiske nordpolen. Nordpolen ligg i Arktis.

Magnetisk nord er retninga mot den magnetiske nordpolen som ligg eit stykke unna den geografiske, og den retninga der jorda sitt horisontale magnetfelt har den mest positive verdien. Ujusterte kompass peikar mot den magnetiske nordpolen, men då dette kan verte feil dersom ein vil rett nord, vert kompassa justerte slik at dei utliknar differansen.

  • På kompasset er nord gitt ved retninga 0 eller 360 grader, 0 eller 400 gon.
  • Dersom ein er vendt aust, er nord retninga til venstre.
  • På ein flyplass vil ei nordvendt landingsbane ha nummer 36 etter kursen til det landande flyet (360 grader).

Ein seier gjerne at ein skal nordover, eller er på reise nordover, sjølv om ein kanskje reiser like mykje austover. Ein kan til og med reise sørover eit stykke, så lenge ein til slutt endar opp lenger nord.

Nord si rolle som hovudretning[endre | endre wikiteksten]

Den synlege rotasjonen av nattehimmelen rundt den synlege himmelpolen gir ein levande metafor om den retninga som opp. Dermed var valet om å kalle nord opp på den nordlege halvkula, eller sør i same rolla på den sørlege, langt i frå tilfeldig før ein fekk verdsomspennande kommunikasjon. Til dømes meinte ein i kinesisk kultur at sør skulle vere øvst på karta.

I vestleg kultur er

  • Opp ein metafor for nord
  • Kart vert som oftast teikna slik at nord er øvst på kartet, anten det er snakk om geografisk eller magnetisk nord.
  • Globar av jorda har nordpolen på toppen, eller dersom den er skråstilt for å falle saman med jorda sin hellande akse, på øvste halvdel.
  • Kart er vanlegvis merkte med retninga som tilsvarar nord,
    • vanlegvis med ei enkel pil som peikar i retning av nord på kartet.
    • av og til med ei enkel pil som peikar i retning av magnetisk nord på kartet, eller ei pil mot magnetisk og ei mot geografisk nord.
    • av og til med ei kompassrose, men då vanlegvis med nord tydelegare merkt enn dei andre retningane.

Aust og vest sine roller som subretninger[endre | endre wikiteksten]

Det er verdt å merke seg at medan valet av nord over sør som hovudretning er teke på grunnlag av tilfeldige historiske faktorar, er aust og vest mykje mindre naturlege val enn ein skulle tru. Dei tradisjonelle definisjonane er der sola går opp, og der den går ned. Utanom på ekvator, ville desse definisjonane bety at

  • aust og vest ikkje er 180 grader frå kvarandre, men varierer i staden med opp til to gangar breiddegradene til den aktuelle staden.
  • retningane vil flytte seg litt frå dag til dag, og i dei tempererte sonene mykje gjennom året.

Nokolunde nøyaktig folkeastronomi, slik som ein til dømes reknar med at steinalderkelterane brukte, definerte aust og vest ved å velje ei av retningane ut i frå staden for soloppgang og solnedgang, og den andre som den motsette av den første. Hovudretninga vart deretter valt som å ligge midt i mellom aust og vest. Den verkelege folkeastronomiske definisjonen av aust og vest er «retningane som står vinkelrett på hovudretninga, og som er nærast soloppgangen og solnedgangen (eventuelt månen)».

Nord som grunnlag for andre omgrep[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nord kan nyttast om den nordlege halvkula som ein motsetnad til den sørlege, og viser då ofte til dei rike og industrialiserte områda. På dette viset hender det at Australia ver definert som eit nordleg land, sjølv om det ligg på den sørlege halvkula.

I Canada viser nord (the North) til arktis.

I Europa viser ein gjerne til Norden eller Nord-Europa når ein snakkar om Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Nordland er eit fylke i Noreg og Nord-Noreg er den nordlegaste landsdelen.

  • Mange land har eit skilje mellom nord og sør som kan vera økonomisk, kulturelt og i nokre tilfelle reelt.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

I norrøn tid meinte ein at dødsriket Hel låg mot nord. Uttrykket «nord og ned» fortel eigentleg vegen til Hel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]