Nord-Évvia-bukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nord-Évvia-bukta (gresk Βόρειος Ευβοϊκός Κόλπος, Vórios Evvoikós Kólpos) er ei bukt i Egearhavet i Hellas. Ho skil den nordlege delen av øya Évvia frå det greske fastlandet. Det smale Évripossundet, nær Khalkída, bind bukta til Sør-Évvia-bukta i sør. I nordvest grenser bukta til Maliábukta. Ho er om lag 60 km lang og om lag 10 til 20 km brei. Ho går diagonalt frå søraust til nordvest.

Fjell dominerer dei sørvestlege og dei nordaustlege områda, bortsett frå sletta der Ylíkisjøen ligg og kystlinja rundt Khalkída. Fleire elvar munnar ut i bukta.

Stader ved bukta[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]