Nord-Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilde av Nord-Amerika

Nord-Amerika er den nordlege delen av den amerikanske verdsdelen. Snevert definert, noko som er vanleg på norsk, omfattar området berre Canada, USA og Mexico. Det utvida omgrepet kan òg ha med Mellom-Amerika, Karibia og til og med Grønland.

Bortsett frå ei tynn landgrense i sør mot Sør-Amerika er området omgitt av hav: Stillehavet i vest, Atlanterhavet i aust, Det karibiske havet i sør og Nordishavet i nord.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kontinentet har store klimatiske motsetnader og raskt vekslande vêr. Dette skuldast mellom anna nærleiken til det isdekte Polhavet i nord og mangel på fjell som stenger luftutvekslinga nord-sør og påverknaden frå det varme Karibiske havet i sør. Nær Newfoundland er det brå temperaturovergangar i havet, noko som favoriserer danninga av lågtrykk. Den samanhengande nord–sørgåande fjellkjeda frå Alaska til Mellom-Amerika pregar nedbørfordelinga og fører til ein storstilt forstyrring i vestavindsbeltet, noko som òg er viktig for klimaet i Nordvest-Europa. Beringsundet mellom Nord-Amerika og Asia er grunt og smalt med fjell på begge sider. Her vert det utveksla lite havvatn og luft mellom Stillehavet og Polhavet. Kystområda i vest får ikkje dei store og raske vêromslaga som dei vidstrekte, uskjerma områda i aust får.

Langs kysten i nord er det ei brei stripe med tundraklima, medan ein lenger sør har kontinentalklima, som dominerer over dei største områda. Det er snødekke kvart år heilt sør til 40 ºN. Sør og aust i USA har ein temperert regnklima, men òg her kan ein få såkalla «Northers» med kulde og snø som kan gjer stor skade. Den subtropiske delen av vestkysten har middelhavsklima med tørre, solrike somrar, men òg ofte tåke over det kalde kystvatnet. Passatvinden trekkjer overflatevatnet mot vest slik at djupvatn strøymer opp ved kysten. I dei sørlege sentrale områda av USA og i ein stor del av Mexico har ein steppeklima og til dels ørkenklima, men det omfattar berre ein liten del av kontinentet. Mellom-Amerika har hovudsakleg tropeklima med mykje nedbør.

Den høge havoverflatetemperaturen i Det karibiske havet og dei kringliggande havområda i Atlanterhavet gjer at det lett kan oppstå tropiske orkanar som særleg råkar kystområda og øyar i Karibia. Orkansesongen er på det høgaste i tida frå august og ut oktober. Dei fuktige varme luftstraumane frå sør kjem i konflikt med kalde luftstraumar frå nordvest og gjev ofte tornadoar, som fullstendig kan rasere områda som vert råka. Mississippidalen er mest utsett. Sterk vind som virvlar opp støv og sand skjer i dei tørre områda, særleg i Mexico og Texas. Kombinasjonen sterk vind, kulde og snødrev gjev dei frykta «blizzards» som ofte vert etterfølgd av kuldebølgjer som kan råke store område, stundom heilt til Mexicogolfen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]