Aukra kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nord-Aukra)
Aukra kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Aukra
Areal 60,64 km²
 - land 60,54 km²
 - vatn 0,10 km²
Folketal 3 678  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Helge Kjøll jr. (KrF)
Kommunenr. 1547
Kart
Aukra kommune
62°48′18″ N 6°53′14″ E
Wikimedia Commons: Aukra
Nettstad: www.aukra.kommune.no

Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Molde kommune i sør, Hustadvika kommune i aust og til øyane i tidlegare Sandøy, no Ålesund kommune i vest.

Det bor om lag 3500 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossa, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.

Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Eit prosessanlegg for handsaming av naturgass ligg i Nyhamna på Gossa.[1] Terminalen tar imot rikgass frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-felta og eksporterer tørrgass gjennom gassrøyrleidninga Langeled til Easington i England via Sleipner.[2]

Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.

Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aukra kommune, tidlegare skrive «Akerø», vart oppretta ved formannskapslovene av 1837, og var opphavleg ein kommune som omfatta Gossa, Otrøya, ein del av Midøya, øyane i Sandøy, samt Julsundet og MordalRomsdalshalvøya.

Den 1. januar 1867[3] blei «Sandø» (Sandøy) skild ut som eigen kommune.

I 1924 blei resten av kommunen delt i Nord-Aukra, som bestod av Gossa og fastlandsdelen, og Sør-Aukra, som bestod av Otrøya og ein del av Midøya i det som no er Midsund kommune.

Aukra fekk noverande grenser ved avståing av Mordal krins til Molde 1. januar 1964. Kommunen har heitt Aukra sidan 1. januar 1965, samtidig som Sør-Aukra blei slått saman med resten av Midøya og Dryna frå Vatne kommune og bytte namn til Midsund.

Namnet Aukra, som er unikt i Noreg, kjem truleg frå Aukrin, ei samansetting av akr og vin: åker og eng. Frå 1600-talet til 1917 blei namnet feilskrive med endinga -ø(e) («Akerø»).

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Aukra kommune frå 1924:

1.1.1924[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
1677a 1838a 2251a 2450a 2646a 2645 2979 2979 2968 3196
a Talet omfattar området Mordal, som var del av gamle Nord-Aukra kommune fram til 1964, då det vart del av Molde kommune. Dette området hadde då 77 innbyggjarar.

Kjende folk frå Aukra[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]