Nord-Aurdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nord-Aurdal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0542
Fylke Oppland
Adm.senter Fagernes
Areal 908 km²
Folkemengd 6 396 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Inger Torun Klosbøle (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.nord-aurdal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0542.svg
Nord-Aurdal kommune på Commons

Nord-Aurdal er ein kommune i Oppland fylke. Han grensar i nordaust til Gausdal og Nordre-Land, i aust til Etnedal, i søraust til Sør-Aurdal, i sørvest til Gol, i vest til Hemsedal, og i nordvest til Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Kommunen ligg i Valdres i det sentrale Sør-Noreg, mellom Hallingdal, Gudbrandsdalen og Land.

Snøsøte, som er stilisert avbilda på kommunevåpenet

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Om lag halvparten av nord-aurdølane bur i tettstadene Fagernes (1767 inb.), Leira (792 inb.) og Aurdal (718 inb.).

Mål[endre | endre wikiteksten]

Det tradisjonelle målføret i kommunen er valdresmål. Målform i kyrkje og skule skiftar mellom dei ulike bygdene.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Strandefjorden, med Fagernes til høgre

Dei største innsjøane er Tisleifjorden, Ølsjøen, Strondafjorden (delt med Vestre Slidre), Aurdalsfjorden og Steinsetfjorden (delt med Etnedal). Elva Tisleia kjem frå Tisleifjorden og renn inn i Ølsjøen, mens ut or denne renn Åbjøra (regulert) til Aurdalsfjorden.

Valdres dannar kjeldene til Begnavassdraget, og elva Begna renn gjennom store delar av dalen. Den fører hovuddelen av tilsiget til Strondafjorden og har utlaup frå den og til Aurdalsfjorden. Derifrå renn elva søraustover til Sperillen.

Høgaste punkt i kommunen er Duptjernkampen med ei høgd på 1325 meter over havet. Om lag 50 % av kommunen ligg meir enn 900 meter over havet. Kommunens lågaste punkt er 410 meter over havet.

Nord-Aurdal måler 52.4 km på nord-sør-aksen og 43.3 km på aust-vest-aksen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Primærnæringane er framleis den viktigaste næringa i kommunen. I tillegg til offentleg sektor og tenesteytande næringar så er turistnæringa også betydeleg med mellom anna Valdres skisenter og Valdres alpinsenter.

Det store friluftsmuseumet Valdres Folkemuseum ligg på halvøya Storeøya på Fagernes.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]