Nord-Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Canada, politisk definert til å omfatta (frå vest til aust) Yukon, Nordvestterritoria og Nunavut.

Nord-Canada er den nordlegaste delen av Canada, eit kjempemessig område som kan definerast ulikt etter geografi og politikk.

Ein politisk definisjon av regionen omfattar dei tre territoria i Canada: Yukon, Nordvestterritoria og Nunavut (som inkluderer alle øyane i Hudsonbukta). Ein alternativ definisjon, basert på fysisk geografi, er den delen av landet som er nord for tregrensa (ein definisjon som inkluderer det geografiske sentrumet av Canada). Han omfattar mesteparten av Nunavut og dei nordlegaste delane av Nordvestterritoria, Yukon, Quebec, Ontario, Manitoba og Labrador.

Territorialt[endre | endre wikiteksten]

Nord-Canada (avbilda til venstre) på eit kart av den nordlege polarsirkelen.

Canada har gjort krav på den arktiske delen mellom 60°W og 141°W lengdegrad sidan 1925, som strekker seg heile vegen nordover til Nordpolen. Alle øyane i denne regionen er kanadisk territorium, og kanadisk territorialfarvatn omringar desse øyane.[1] Kven som har territoriale rettar i denne regionen er eit omstridt tema. Både Canada og Sovjetunionen/Russland har lenge hevda at territoria deira strekker seg heilt til Nordpolen, med tilvisningar til sektorprinsippet. USA bruker ikkje sektorprinsippet, og gjer derfor ingen forsøk på å få retten til den arktiske kysten i Alaska. Canada har òg fått motstand frå Danmark/Grønland, som hevdar at visse territorium på Nordpolen går under deira kontinentalsokkel. Både sivile og militære utanlandske skip har rett på uskuldig gjennomfart i territorialfarvatna til ein kyststat, så lenge dei følgjer vilkåra i havrettskonvensjonen.[2] Retten til uskuldig gjennomfart gjeld derimot ikkje i innanlandske farvatn, noko som også inkluderer vassområde mellom små øygrupper. Usemja om sektorprinsippet kring Nordpolen og om definisjonen av internasjonale farvatn i Arktis, ligg bak dei store sprika i kravet deira på diverse område der. Danmark, Russland og Noreg har òg gjort forsøk på territorium i Arktis, nett som Canada, men har møtt motstand frå EU og USA.

Dette er spesielt viktig i Nordvestpassasjen. Canada hevdar at passasjen er den delen av territorialfarvatnet i landet, fordi han ligg innan 20 km frå kanadiske øyar; USA hevdar at han ligg i internasjonalt farvatn. Is og låge temperaturar gjer at dette området førebels har liten nytteverdi, men den globale oppvarminga kan koma til å gjera passasjen meir tilgjengeleg for skipsfart, noko som uroar den kanadiske regjeringa og innbyggarar.

Hans Øy i Naressundet, vest for Grønland, har også vore eit omstridd område mellom Canada og Grønland knytt til kanadisk suverenitet i nord.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Karibu som sym i Thomsonelva ved Aulavik.

Mesteparten av Arktis består tilsynelatande berre av drivis og tundra nord for tregrensa, men ein finn fleire geologiske regionar av forskjellige slag: Inuittregionen (med fjellkjedene British Empire Range og United States Range på Ellesmereøya) omfattar det nordlegaste fjellområdet i verda, og er geologisk sett veldig annleis enn den arktiske regionen. (som i all hovudsak består av lågland). Låglanda i Arktis og Hudsonbukta er ein stor del av den geografiske regionen som vanlegvis blir rekna som ein del av Det kanadiske skjoldet (i motsetnad til det geologiske området). Underlaget i Arktis består hovudsakleg av permafrost, noko som gjer busetnader vanskelege og ofte risikable, og jordbruk tilnærma umogleg.

Det arktiske nedlsagsfeltet (eller nedbørsfeltet) drenerer dei nordlege delane av Manitoba, Alberta og Britisk Columbia, mesteparten av Nordvestterritoria og Nunavut, så vel som deler av Yukon, inn i Nordishavet, som inkluderer Beauforthavet og Baffinbukta. Med unntak av den lengste elva i Canada, Mackenzie, har dette tilsigsfeltet vore lite nytta til hydroelektrisitet. Elvane Peace og Athabasca, og dessutan Great Bear Lake og Great Slave Lake (høvesvis den største og nest største innsjøen i Canada) er viktige delar av det arktiske nedslagsfeltet. Kvar av desse slår seg etterkvart saman med Mackenzie slik at det dermed drenerer mesteparten av det arktiske nedslagsfeltet.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Monument til den nylaga busetnaden Inuvik i Nordvestterritoria

Heile regionen er særs tynt folkesett, med omtrent 101 000 menneske busette i dette området — som er større enn Vest-Europa i areal.[3] Det er rikt på naturressursar, men desse er i dei fleste tilfella for dyre til å vinna ut, og ligg dessutan i urørte naturområde, slik at det ikkje er verdt bryet. Sjølv om BNP per innbyggar er høgare enn dei andre stadene i Canada, er det likevel ein fattig region. Dette er grunna ekstremt høge kostnader på forbruksvarer. Dei blir derfor kraftig subsidierte av den kanadiske staten.

Urinnbyggarane i Nord-Canada utgjer omtrent halvparten av inuittane i Canada. Regionen har òg fleire grupper av «First Nations», hovudsakleg chipewyanfolk. Omtrent 69 % av befolkninga i dei tre territoria er urfolk, og kvart av desse territoria har ein større del urfolk enn nokon av dei andre provinsane i Canada. Nyleg har det òg kome til mange innvandrarar frå heile verda; Yukon er det territoriet med høgast prosent innfødde.[4]

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Yellowknife.

I hundrevis av år har dette området vore sett på som det største «ufolkesette» området i verda. Dei siste 20 åra (og spesielt dei siste 5), derimot, har ein opplevd ein kraftig ekspansjon i tråd med resten av Canada. Sjølv om det ikkje når opp til same skala, har byar og tettstader hatt ein folkevekst ein ikkje har sett på fleire tiår. Yellowknife har blitt eit sentrum for diamantproduksjon for heile Canada (som er blitt eit av dei 3 leiande landa i verda på diamantar). Byen har òg utvikla sin eigen «skyline», noko som er heilt nytt så langt nord.

Eit anna resultat av den aukande diamantproduksjonen er ein auke i inntekt per innbyggar Nordvestterritoria. Denne ligg no på 95 000 dollar, noko som set dei på toppen av verdslista, framfor Luxembourg.

Den kanadiske folketeljinga i 2006 viste at dei tre territoria hadde meir enn 100 000 innbyggarar for fyrste gong i kanadisk historie.[3]

Whitehorse sentrum sett frå austsida av Yukonelva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]