Nord-Herøy

Koordinatar: 65°59′18″N 12°18′56″E / 65.98833°N 12.31556°E / 65.98833; 12.31556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Herøy
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 65°59′18″N 12°18′56″E / 65.98833°N 12.31556°E / 65.98833; 12.31556

Areal 8,9 km² km²

Høgaste punkt Brannåsen (48 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Nord-Herøy er ei øy på 8,9 km² i Herøy kommune på Helgeland.

Namnet på Sør- og Nord-Herøy er truleg avleia av norrønt Herøyar av herr, folkemengd, krigarskare.

Mot sørvest ligg Herøysundet med Herøysundet bru til Sør-Herøy. I søraust ligg Alstenfjorden og Alsten i Alstahaug. Mot aust-nordaust ligg Hjartøya. Mot nord ligg Dønnessundet og Dønna. I nordvest ligg Hestøya, med vegsamband vidare til Indre og Ytre Øksningan, Staulen, Seløy og Åkviksundet bru til Dønna.

Kommunesenteret Silvalen ligg ved Herøysundet.

På Nord-Herøy låg garden for futen på Helgeland, seinast frå 1618 og fram mot 1800-talet. Den første kjende helgelandsfuten som budde på denne garden var Petter Jakobson Falk, som i lag med kona Anne Jonsdotter samla seg eit stort jordegodsHelgeland. Garden er nemnd som fødestaden til Petter Dass. Garden vart sidan ein del av Angell-godset. Tidleg på 1900-talet vart garden delt i fleire bruk.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • Axel Colevin: Jordegods og storgårder i Nord-Norge. Lokalhistorisk forlag Espa 1989
    Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.