Nord-Korea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
조선민주주의인민공화국
Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk

(norsk: Nord-Korea, nordkoreansk)

Det nordkoreanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Achimŭn pinnara»
Motto Ein er viss på å vinne dersom ein trur og stolar på folket[treng kjelde]
Geografisk plassering av Nord-Korea
Offisielle språk Koreansk
Hovudstad P'yŏngyang
Styresett
Sosialistisk Republikk
Kim Jong-un (de facto)
Kim Il-sung (de jure)
Choe Yong-rim[1]
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
120 538 km² (98.)
0,1 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
24 589 122 (49.)
204 /km² (41.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Japan
15. august 1945
Nasjonaldag 9. september
BNP
 – Totalt (2009)
 – Per innbyggjar
 
40 000 mill. USD (96.)
1 800 USD (164.)
Valuta Nordkoreansk won
Tidssone UTC +9
Telefonkode +850
Toppnivådomene Ingen, men .kp er reservert

¹ Kim Il-sung er erklært som «president i all æve», så offisielt er han president i landet. Likevel er Kim Jong-un de facto statsoverhovud i Nord-Korea, og er ofte rekna som presidenten i landet.

Den demokratiske folkerepublikken Korea er eit land i Asia. Det grensar til Sør-Korea, Kina, og Russland.

Nord-Korea (eller offisielt Den demokratiske folkerepublikken Korea, (koreansk: Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk; hangul: 조선민주주의인민공화국), hanja: 朝鮮民主主義人民共和國; ofte forkorta DPRK) opptek den nordlege halvdelen av den koreanske halvøy i austlege Asia. Nord-Korea grensar mot Sør-Korea i sør, og mot Kina og Russland i nord. Nordkoreanarar refererer til sitt eige land som Pukchosŏn («Nord-Chosŏn», 북조선), sjå Korea på koreansk.

Nord-Korea følgjer Kim Il-sung sin politiske filosofi, Juche (sjølvberging), og sidan 1990-talet òg Kim Jung-il sin eigen Songun-politikk (militæret fyrst). Offisielt held dei val, og etter landsens konstitusjon respekterer dei menneskerettane. Den politiske makta er plassert hjå Det koreanske arbeidarpartiet. Om lag 200 000 nordkoreanarar sit i konsentrasjonsleirar, der ein og eins familie i tre generasjonar kan verte fengsla og sett til tvangsarbeid; jamvel for dei mest atterhaldne systemkritiske ytringane.[2] Landet prøver å vere sjølvstendig frå andre land, men har hatt store problem sidan stønaden frå Sovjetunionen fall bort i byrjinga av 1990-talet. Landbruksproduksjonen dekkjer ikkje trongen for mat, og dette har ført til svolt fleire stader i landet. [3] Korrupsjon er utbreidd. [4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Deling av Korea[endre | endre wikiteksten]

Korea var mellom 1905 og 1945 okkupert av Japan. Då Japan kapitulerte, overgav nordkoreanarane seg til Sovjetunionen, medan sørkoreanarane overgav seg til USA. Landet vart delt ved den 38. breiddegrada. I 1947 oppretta kommunistane, leidd av Kim Il-sung, ein kommunistisk stat i nord med Pyongyang som hovudstad. Opprettinga vart gjord gjort med stønad frå det kommunistiske Sovjetunionen og Kina, medan Sør-Korea danna ei mellombels nasjonalforsamling støtta av USA. SN oppfordra til forsoning og sameining av heile Korea.

Berre i Sør-Korea lét SN-godkjende val seg gjennomføre, der høgresida vann. Etter eigne val i Nord-Korea proklamerte Kim Il-sung opprettinga av «Den demokratiske folkerepublikken Korea».

Koreakrigen[endre | endre wikiteksten]

25. juni 1950 åtok og erobra Nord-Korea det meste av Sør-Korea. Ein FN-styrke vart oppretta under amerikansk leiing og med deltaking av 16 nasjonar, deriblant Noreg, for å slå åtaket att. Dette var starten på Koreakrigen.

De første månadene av krigen vart utkjempa i eit blodbad langs grensa mellom nord og sør, omtrent på den 38. breiddegrada. SN-styrken tok i oktober 1950 att byen Seoul og okkuperte Pyongyang. I 1951 strøymde ein kinesisk hær av væpna bønder over grensa og pressa SN-styrken tilbake. I januar 1951 hadde Nord-Korea teke Seoul og store delar av Nord-Korea att. USA starta ein kraftig offensiv og pressa dei nordkoreanske soldatane tilbake til den 38. breiddegrada, der frontlina stabiliserte seg i 1953. USA og Nord-Korea forhandla seg fram til ei semje om å danne ei demilitærisert sona langs den 38. breiddegrada som grense mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen fredsavtale er vorten underteikna, så formelt sett er Nord- og Sør-Korea framleis i krig med kvarandre.

1953-1991[endre | endre wikiteksten]

I 1954 vart ein treårsplan oppretta for å byggja opp att industrien etter krigen. Denne treårsplanen fungerte godt, og ein femårsplan vart oppretta frå 1957 til 1961 og ein sjuårsplan frå 1961 til 1967. Planøkonomien var bygd på at folket sjølv fekk bestemme over kor mykje dei skulle produsere. Nord-Korea lente seg mot Sovjetunionen, og presidenten «i all æve», Kim Il-sung, tok avstand frå den store og proletariske kulturrevolusjonen til Mao Zedong.

På 1970-talet innførte Kim Il-sung ein politisk doktrine, kalla Juche. Juche går i hovudsak ut på sjølvforsyning av varer og tenester. Juche er framleis i bruk, og per i dag prøver Nord-Korea å vere sjølvforsynt med mat. Økonomisk vart landet heilt avhengig av stønad frå Sovjetunionen.

Pyongyang vart svært øydelagt under Koreakrigen. Etter krigen vart han bygd opp at som ein utstillingsby i stalinistisk stil. Store byggjeprosjekt vart gjennomførte i åra framover; til dømes starta dei i 1987 bygging av det som etter planen skulle verte det høgaste hotellet i verda, Ryugyong Hotel, men etter at dei mista finansiering frå Sovjetunionen etter 1991, vart hotellet aldri ferdigbygt.

Forholdet til Sør-Korea heldt seg spent heile tida. Attentatforsøk på sørkoreanske statsleiarar i 1968, 1974 og 1983 vart tilskrivne Nord-Korea. Tunnelar frå nord under den demilitariserte sona for ein eventuell invasjonsstyrke vart oppdaga fleire gonger.

Etter 1991[endre | endre wikiteksten]

Med Sovjetunionen si oppløysing i 1991 mista Nord-Korea ein heilt naudsynleg økonomisk stønad, som markerte eit tidsskilje for økonomien. Kim Il-sung sin daud på den 8. juli 1994 hadde liten innverknad på økonomien, men han hadde enorm innverknad på den nordkoreanske propagandaen. Son til Il-sung, Kim Jong-il vart nemnd ut til statsoverhovud og overtok styringa av landet.

Den dårlegare økonomiske situasjonen gjorde seg gjeldande i åra 1995 til 1998. Då vart Nord-Korea ramma av ei omfattande hungersnaud. Nordkoreanske myndigheiter stadfesta at over 200 000 av innbyggarane i landet døydde av svolt i denne perioden. Meir truverdige aktørar og organisasjonar la føre langt høgare tal; frå 600 000 til 3,5 millionar daude [5]. Nord-Korea vart nøydd til å bede omverda om hjelp, og framleis er landet avhengig av internasjonal hjelp for å fø folkesetnaden sin. Ifølgje Amnesty International leid 13 millionar nordkoreanarar av underernæring i 2003.

Som den fyrste sørkoreanske leiaren, vitja Kim Dae-jung i 2000 Nord-Korea og fekk møte Kim Jong-Il. Same haust fekk Kim Dae-jung Nobels fredspris.

Den 9. oktober 2006 testa Nord-Korea atomvåpen i ein underjordisk detonasjon. Dette møtte på kraftig motstand frå SN og store delar av verda (les meir: Nord-Koreas atom- og rakettprogram). Nord-Korea signerte det same året ein avtale med Sør-Korea, USA, Russland, Kina og Japan, der Nord-Korea forplikta seg til å stenge ned Yongbyonreaktoren i bytte mot økonomisk hjelp og energi.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Om lag 23 millionar menneske er busette i landet. I utgangspunktet er Korea eit etnisk og lingvistisk sett ekstremt homogent land med nesten utelukkande koreanarar og med koreansk språk som det einaste offisielle språket. Dette er forsterka av Nord-Korea sin ekstreme isolasjon; Kinesarar, Japanarar og andre utlendingar er ekstreme minoritetar og oftast innom landet på svært korte opphald.

Forventa levealder i landet er 64,1 år. Døyingstala på spedborn er oppgjeve som 50,1 per 1000 levandefødde. Fertilitetsraten er 1,94. (Alle tal CIA factbook 2010 [6].)

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Nord-Korea er ein kommunistisk stat med eit lukka, totalitært styresett som er delt inn i ni provinsar og tre andre administrative regionar. I tillegg finst dei to direkte styrte byane, hovudstaden Pyongyang og den store grensebyen Rason.

Nord-Korea har eit eittpartistyre. (Arbeidarpartiet i Korea), under leiing av Kim Il Sung, kom til makta i den okkuperte nordlege delen av den koreanske halvøya i 1946. Kim Il-sung vart statsminister i 1947 og president i 1972. Han styrte landet fram til sin daud i 1994 og innførte eit kommunistisk styresett. Så lenge Kim Il-sung levde, vart han i alle offisielle samanhenger omtala som «Den store leiaren» og han vert ofte rekna som «Nord-Korea sin president i all æve».

Formelt sett ligg den politiske makta i Nord-Korea hjå folket. Folket utøver makta si gjennom den valte folkeforsamlinga, som berre vert valt inn på dei lågare administrative nivåa. Den øvste forsamlinga har 687 medlemmer og vert vald i såkalla «frie val» kvart femte år. Røysteretten vert gjeven ved 17 fylte år. Forsamlinga har offisielt den lovgjevande myndigheita, og ho står fritt til å velje statsoverhovudet og mange andre sentrale politiske leiarar, mellom anna leiaren for kabinettet (statsministeren) og dei øvste dommarane for høgsterett. I røynda skjer likevel desse vala etter forslag som kjem frå Kim Jong Il, som sit på den faktiske makta i landet.

Den utøvande makta ligg hjå kabinettet, som er leidd av statsministeren og fungerer som den folkevalde regjeringa. Dette kabinettet har ansvaret for ei rekkje kommisjonar og ministerium, og kabinettet er formelt ansvarleg overfor den øvste valde folkeforsamlinga. Statsministeren leiar kabinettet sine møte, og fungerer òg som føremann for den nasjonale forsvarskommisjonen.

Det koreanske arbeidarpartiet nominerer, gjennom «Den demokratiske fronten for sameining av fedrelandet», alle personane som stiller som politiske kandidatar og som vert valde inn til den nordkoreanske folkeforsamlinga. Desse vert valde utan motkandidatar fordi det ikkje finst andre lovlege politiske parti, og uavhengige kandidatar har ikkje løyve til å stille til val, korkje på lokalt plan eller til parlamentet. Difor får dei einaste kandidatane som er tillatne å stille, enorme røystetal.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Nord-Korea har ein økonomi som er organisert etter stalinistisk modell, og staten kontrollerer meir enn 90 prosent av alt arbeidet. Økonomien i landet er ein av dei mest sentralstyrte og isolerte i verda. 95 prosent av alle varene som finst i landet kjem frå den statsåtte industrien, og jordbruket er organisert i store kollektiv. Nord-Korea eksporterer tekstilar, metall og jordbruksprodukt. Viktige importvarer er råolje, kull, transportutstyr og maskiner. Viktige handelspartnerar er Kina, Japan og Russland.

Ettersom landet heile tida har hatt fokus på sjølvforsyning, er både eksporten og importen relativt atterhaldne. Landet vart hardt ramma da Sovjetunionen vart oppløyst. Sovjetunionen var den viktigaste handelspartneren til landet, og subsidierte i tillegg Nord-Korea med billig olje. Energimangelen er i dag eit stort problem for landet, og er den viktigaste årsaka til at industrien sidan 1990 berre er gått for halve kapasiteten.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme til landet er mogleg, men krev at ein er saman med av minst éin guide, éin partirepresentant og éin sjåfør. Dette gjeld jamvel om ein fer åleine. Alle, sett bort frå sørkoreanske statsborgarar og journalistar kan fare til Nord-Korea. Tidlegare kunne amerikanske statsborgarar berre vitje Nord-Korea på ferder som inkluderte Arirang Mass Games, men denne regelen er no kutta. Nord-Korea er det minst vitja turistlandet i verda, og berre om lag 1500 vestlege turistar vitjar landet årleg, samt nokre tusen frå ymse land i Asia.

Nord-Koreas atom- og rakettprogram[endre | endre wikiteksten]

Atom- og rakettprogrammet til Nord-Korea er nemninga på det programmet som Nord-Korea har hatt for å utvikle kjernekraft, og truleg atomvåpen i dei seinare åra. Det heile starta i 1993 då Nord-Korea meldte seg ut av Ikkjespreiingsavtalen.

Nord-Korea og USA signerte i 1994 ein avtale der regimet i Pyongyang gjekk med på å fryse og demontere atomvåpenprogrammet sitt, i bytte mot internasjonal hjelp til å byggje opp atomreaktorar for elektrisk kraft. I 1998 sendte Nord-Korea ein rakett 2000 kilometer over Japan og ned i Stillehavet. USA forhandla fram ein ny avtale om økonomisk hjelp til bygging av atomkraftverk mot at Nord-Korea legg ned atomprogrammet. Sidan atomkraftverkhjelpa ikkje var komen etter 2 år, og den tidlegare presidenten George W. Bush slutta med kontakt på vanlege relasjonar, tok Nord-Korea opp att atomprogrammet.

Etter internasjonal fordømming vart atomprogrammet på nytt lagt på is, og i 2007 er ifølgje IAEA alle dei fem reaktorane i Nord-Korea stengde.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]